Den første sesongen av House of Cards opna serieåret i februar 2013, og premiekontoen for strøymetenesta Netflix sine eigenlaga TV-seriar. No har andre sesong fått bekrefta dato, Francis Underwoods politikarliv vil halde fram den 14. februar 2014.

Underwood (Kevin Spacey) er seriens fokuspunkt, den manipulerande meisterhjernen – ein innpiskar i Kongressen i Washington D.C. – som nyttar menneska rundt seg som marionettar for å oppnå det han vil. Til og med publikum vert sjarmert av sylvtunga hans, når han snakkar direkte til kamera.

Teaserplakat for House of Cards. (Foto: Netflix)
Teaserplakat for House of Cards. (Foto: Netflix)

– På same måte som då eg spelte Richard III, var det ei utruleg oppleving å sjå korleis publikummet elska den type direkte tale, tilknytinga det skapte til figuren, og korleis publikum var villige – til og med gledeleg, opp til eit visst punkt – til å bli medskuldige, sa hovudrolleinnehavar Spacey til Filmpolitiet tidlegare i år.

Anmelding: House of Cards S01: – Francis Underwood er «The West Wing» sin vonde tvillingbror

Skulle først berre vere to sesongar, men…

Første sesong handla om hans hemntokt etter å ha blitt oversett for ein utanriksministerposisjon – i andre sesong er han visepresident, og historia skal blant anna ta turen innom Underwoods fødestad i South Carolina.

Opphaveleg var serien tenkt å berre ha to sesongar, men etter suksessen har Netflix-sjef Ted Sarandos uttalt at dei er i samtalar om ein tredje sesong – naturleg nok etter Emmy-prisen i juli.

– Tanken vår er absolutt at serien skal halde fram, absolutt, sa han i oktober til Deadline, men ingenting offisielt har komt ut enno.

I intervjuet tidlegare i år slår Spacey fast at House of Cards mest sannsynleg vil bli hans siste TV-serie, men ikkje kor lenge den vil halde på.

Les også: Kevin Spacey vil ikkje spele i fleire TV-seriar

David Fincher (Fight Club, The Social Network) er ikkje knytta til prosjektet lengre – han regisserte dei to første episodane av første sesong – men blant dei nye namna har Jodie Foster blant anna regissert ein episode. Beau Willimon (Maktens menn) er framleis showrunner og manusforfattar.

Den britiske originalserien frå 90-talet med same namn var tre BBC-miniseriar på fire episodar som omhandla ein tilsvarande figur for det britiske konservative partiet, Francis Urqhart, spela av Ian Richardson.

Kva syntest du om «House of Cards»? Legg att ein kommentar under teaservideoen for andre sesong.