Tida for å oppsummere alt mogeleg rart er her, og no også årets mest piratkopierte TV-seriar. På toppen ligg HBO-serien Game of Thrones, melder Torrentfreak.

  • Topp 10 nedlasta TV-seriar i 2013, basert på mest nedlasta enkeltepisode
  • Game of Thrones – 5 900 000
  • Breaking Bad – 4 200 000
  • The Walking Dead – 3 600 000
  • The Big Bang Theory – 3 400 000
  • Dexter – 3 100 000
  • How I Met Your Mother – 3 000 000
  • Suits – 2 600 000
  • Homeland – 2 400 000
  • Vikings – 2 300 000
  • Arrow – 2 200 000

Eit stykke bak kjem AMC-seriane Breaking Bad og The Walking Dead. Den fullstendige topplista (sjå til høgre) består av tala for mest nedlasta enkeltepisode av serien over bittorrentprotokollen på verdsbasis, men ikkje streamingsider eller andre nedlastingsnettverk det er vanskeleg å halde kontroll på.

I juni slo Game of Thrones nedlastingsrekord etter at siste episode av tredje sesong vart lasta ned over éin million gonger på eit døgn.

Nett-TV: Sjå «Game of Thrones» sesong 2

Bransjen kranglar om nytten

Tidlegare har ein av seriens regissørar uttalt at piratnedlastinga ikkje skadar serien, i august gjekk sjefen for HBO-eigar Time Warner, Jeff Bewkes, litt lengre:

– Vår erfaring er at det leier til fleire betalande abonnentar. Om du ser rundtom i verda, så trur eg du har rett i at Game of Thrones er det mest nedlasta programmet i verda. Det er betre enn ein Emmy.

Gale Anne Hurd, produsent for The Walking Dead, er derimot ikkje heilt samd.

– Det er ei misforstått tru blant mange av mine fagfeller at piratnedlasting er bra, at sjåarar vil utvikle ei vilje til å betale for det. Eg trur ikkje dei forstår anna enn anekdotiske bevis for at sjåartala går opp. Folk som piratkopierer kjem ikkje nødvendigvis til å velgje lovleg nedlasting eller lovleg sjåing i framtida.

Wentworth Miller i «Prison Break». (Foto: Fox)
Nederlendarane ville sjå «Prison Break», seier Netflix. (Foto: Fox)

Les også: «Game of Thrones» setter ny rekord i fildeling

Piratkopiering nedadgåande i Noreg

TV-bransjen har derimot noko bruk for bittorrent-sidene. Netflix nytta til dømes topplister over mest nedlasta TV-seriar i Nederland då dei skulle finne ut kva titlar dei skulle ha med seg då dei lanserte der tidlegare i år.

I Noreg er nedlasting på nedadgåande front, ifølgje ei undersøkjing gjort av Ipsos MMI vart både film- og TV-nedlasting halvert her i perioden 2008 til 2012.

Rettigheitsekspert Olav Torvund meiner at det er lovlege tenester som Netflix, iTunes HBO Nordic og andre som har ført til dette. Netflix har i løpet av litt over eit år nådd 19 prosent av den nettbrukande befolkninga over 15 år, ifølgje digi.no – noko som tilsvarar rundt 700 000 nordmenn.

Kvifor trur du det er mindre ulovleg nedlasting i Noreg?