Den andre Hobbiten-filmen i rekkja har premiere denne veka, og smått om senn har anmeldingane av Smaugs ødemarkThe Desolation of Smaug – byrja å kome ut på nettet. Som sist gong er anmeldarane i stor grad delt i meiningane sine, dette er anten eit storslått eventyr, eller nissetull i ein nisseverd – men heldigvis ser det i det minste bra ut. Stort sett.

Filmen får premiere i Noreg den 11. desember, og fortel historia om Bilbo, Gandalf og dei tretten dvergane si reise mot Erebor, det einsomme fjellet, der den grådige draken Smaug har teke over det som ein gong var eit storslått dvergerike.

Den tredje og avsluttande filmen, Hobbiten: Fram og tilbake igjen, kjem på kino i desember 2014.

Anmelding: Hobbiten: Smaugs ødemark: – Høydepunktene står i kø!

Det gode

Aller mest positiv er Empire Magazine, som gir full pott for Peter Jacksons nyaste. Dei lovprisar skodespelargalleriet, og spesielt Benedict Cumberbatch som har gitt både stemme og rørsler til draken Smaug.

– Me har sett mange drakar på film, men ingenting med så mykje personlegdom: Smaug er ein oppsiktsvekkjande velgjort skapning, som vekslar mellom arroganse, latskap og sinne medan han nyttar omretunga si for å trekkje ut Bilbo, skriv anmeldar Nick de Semlyen.

– Det er Jackson tilbake på sitt beste; gudane veit kva han har på lager for del tre.

Trailer for Hobbiten: Smaugs ødemark.

Fleire likar òg at det skjer meir denne gongen – både frå det som vert plukka direkte frå boka Hobbiten, og det som vert henta frå andre kjelder.

– Det er ei forbetring frå den første rett og slett i kraft av å plukke opp historia på ein meir hendingsfylt stad, filmen får umiddelbart ei meir livleg rytme og kjensla av forsterka tidspress, skriv Peter Bradshaw i Guardian.

Tauriel. Foto: MGM og New Line)
Tauriel (Evangeline Lilly) vert omtalt som eit friskt pust til historia – sjølv om kjærleikshistoria hennar ikkje er like slåande som Jackson kanskje ville. (Foto: MGM og New Line)

Og til trass for lengda, to timar og førti minutt, vert spesielt ei scene der filmens heltar seglar ned ei elv trekt fram som fantastisk fartsfylt:

– Plutseleg sprett orkane fram frå buskene, og flukta blir ei trefning i 60 kilometer i timen – som rafting kryssa med eit Zelda-spel, skriv Robbie Collin i The Telegraph, som elles ikkje er veldig imponert.

Les også: Peter Jackson om kva han gler seg mest til å vise fram: – Møtet mellom Smaug og Bilbo

Det dårlege

Han, og fleire andre, meiner framleis at Peter Jacksons Hobbiten-univers kjennest langstrekt, som «for lite smør, på eit for stort stykke brød» (for å sitere Bilbo sjølv). Indiewire meiner det er for mange dvergar, og for lite ting for dei å gjere – trass filmens lange speletid.

– Om du synest dvergane hadde for lite å gjere i En uventet reise, så klarar du ikkje å sjå for deg den enorme keisemda for alle skodespelarar som ikkje speler nokon som heiter Thorin, Balin, Dwalin, og til ei viss grad Bofur.

Anmeldar Rodrigo Perez trekk fram filmhistoria sin nye figur, den kvinnelege alven Tauriel, som ein godt beskrive figur, men meiner at kjærleikstriangelet ho ender opp i ikkje er djupt nok. Todd McCarthy frå The Hollywood Reporter meiner filmen er betre enn den første, men synest aldri at farane kjennest farlege ut – med røtene i ei barnebok er våre heltar, alvar og dvergar, alltid kompetente nok til å kome seg vidare.

– Dei små karane klarar alltid å rømme uskada, medan dei store, ville orkane går ned som om dei var målskiver i ei tivolibod, skriv han.

Cinematografien vert omtala som lik dei tidlegare – storslått, fargesterkt, og med fantastiske spesialeffekter. (Foto: MGM og New Line)
Cinematografien vert omtala som lik dei tidlegare – storslått, fargesterkt, og med fantastiske spesialeffektar. (Foto: MGM og New Line)

Det (ikkje) stygge

Fleire av anmeldarane, positive som negative, rosar dog Jackson og hans kameracrew for måten Midgard ser ut. Som den førre er òg denne historia er filma i 48 bilete per sekund (mot normale 24), og New Zealand som bakteppe verkar å bli oppfatta like vakkert som det gjorde i Ringenes Herre-filmane.

Over heile linja vert spesialeffektene – og igjen, spesielt Smaug – skrytt opp i skyene.

– Etter halvanna film med oppbygging er han sanneleg verdt ventinga, skriv Totalfilm.

– Den skjellbeskytta, flammesprutande, velskapte og berikande draken er ein av dei mest fantastiske skapningane som har kome frå effektselskapet Weta Workshop, det er med andre ord ein av dei flottaste dataskapte figurane som har vore på skjermen nokosinne, skriv Slant Magazine.

Og det seier litt, med tanke på at det er dei same som i si tid laga Gollum – figuren som starta diskusjonen om at Beste dataanimerte figur skulle bli ein eigen Oscar-kategori.

Les også: «Hobbiten»-stjerna Martin Freeman skal spele i «Fargo»

Gleder du deg til Hobbiten: Smaugs ødemark?