Disney-filmen Frozen er blant dei nominerte til årets Golden Globe-utdeling, saman med The Croods og Grusomme meg 2 i kategorien Beste Animasjonsfilm.

Historia tek stad i norskinspirerte Arendelle, og Disney har i skapingsprosessen lånt både musikk og natur frå Noreg. Reiselivsdirektør i Innovasjon Norge, Per-Arne Tuftin, er nøgd med nominasjonen:

– Veldig interessant, og ei stor mogelegheit for norsk reiseliv, seier han entusiastisk.

Innovasjon Norge vart først kontakta av Disney for to år sidan med ein førespurnad om kva stader i Noreg ein burde sjå. I vår kom Disney attende med planane om ein animasjonsfilm der kulissane skulle plukkast ut frå norsk natur – og ein førespurnad om samarbeid.

Les også: Her er Golden Globe-nominasjonane

Akershus festning – i ein djup fjord

Men ikkje tru du kjem til å sjå nabolaget ditt direkte henta inn i Frozen heller. Filmens miljø er ein blanding mellom ulike norske naturelement.

Her forklarer Disney litt av måten dei har arbeidd med verda i Frozen.

– Det er brukt ein del fridom frå Disney si side. Det er mykje tydelege fjordar og fjell, og me ser til dømes eit nordlys over Bryggen i Bergen – som ligg i ein djup fjord – og Akershus festning – som ligg i ein djup fjord. Det er nok mykje her som nordmenn ikkje vil kjenne direkte igjen, seier Tuftin.

– Disney har sjølv funne musikken, til dømes har ein med eit kor som syng ein samisk joik. I filmen er kleda inspirert av norske bunadar, ein ser rosemåling, og ein kar som sel lutefisk på glas.

Frozen, som er veldig laust basert på H.C. Andersens Snødronningen, hadde amerikansk premiere i slutten av november – og gjekk raskt til toppen av besøkslistene, framfor filmar som Hunger Games: Catching Fire og Thor: The Dark World.

Les også: Slik ble Disney inspirert av Norge

– Det er klart det gir fokus på Noreg

Innovasjon Norge har ikkje gått inn med pengar i prosjektet, det har dei førebels ikkje rom for å gjere, men dei har utvikla ei avtale med Disney som går ut på å samarbeide om marknadsføringa.

– Det er den mogelegheita me har. Filmen har kosta 150 millionar dollar, det er kolossale beløp. Om me hadde bidrege med nokre hundre tusenar hadde det ikkje vore stor hjelp.

Disney har òg ein eigen turoperatør som til neste år vil starte reiser til Noreg for spesielt interesserte – eit liknande prosjekt vart òg gjort i Skottland med fjorårets Pixar-film Brave.

– At Frozen no er nominert til Golden Globe gir sjølvsagt ekstra fokus på filmen. Om ein ser på Brave, så har dei rekna seg fram til at filmen skapte ein meirverdi i Skottland på over 1 milliard norske kroner. Det er alltid farleg å seie kva det kan bety for norsk reiseliv, men det er klart det gir fokus på Noreg, meiner han.

Tuftin hadde lest spådommar om både Golden Globe- og Oscar-nominasjon, men hadde ikkje heilt turt å håpe på det.

– No kryssar me fingrane for pris!

Kven er dine favorittar til å vinne i år? Legg att ein kommentar under låten Let it go, som er nominert til Beste Originale Sang.