Julefilmen er ein eigen sjanger, eit eiget univers. Sjå Filmbonanzas temasending, torsdag 20.55 på NRK2!

Den mest essensielle ingrediensen i ein kvar vellukka julefilm er snø. Og mannen som sørger for snø i norsk film er Pål Morten Hverven.

– Når me skal lage film, så skal me jo prøve å gjenskape verkelegheita. Eg har ikkje laga snø på ein film, om sjåaren merkar at eg har vore der. Det er min filosofi, seier han.

Filmsnø vert gjerne laga av cellulose, plast eller skum, og Pål Morten har mange ulike variantar som dekkjer ulike behov. Grovsnø for å dekkje større områder, finare snø for det realistiske topplaget, og eigne variantar for dalande snø.

I Filmparken på Jar, der fleire av landets største filmar vert produsert, arbeider han som effektmaker – og han kan skryte av å blant anna ha skapt snøen i ei sentral Max Manus-scene.

Snøen i denne «Max Manus»-scenen er cellulosemateriale. (Foto: Nordisk Film Distribusjon)
Snøen i denne «Max Manus»-scenen er cellulosemateriale, laga av Hverven. (Foto: Nordisk Film Distribusjon)

Se også: Væreffekter i Filmparken på Jar: – Det smaker ikke snø!

Julesnø skal glitre!

Cellulosen vert blåst gjennom ei maskin der det vert puffa opp, blåst gjennom eit spjeld, og til slutt tilført vatn for at det skal legge seg fint. «Vitskap», seier Hverven.

– Me kan godt lage snø av desse cellulosetypane på ein julefilm, men då bør det glitre litt, seier Pål Morten og trekk fram ei av dei mange boksane han har tilgjengeleg.

– Me toppar gjerne oppå toppen med nok slikt. Du ser at det glinsar?

Med litt filmmagi skapar så Hverven og mannskapet i Filmparken den perfekte julesnøscena. Denne vekas Filmbonanza handlar om julefilmen.

Sjå video i toppen av saka

I denne vekas Filmbonanza kan du sjå blant anna korleis Jens Stoltenberg meiner han kan identifisere seg med Love Actuallys statsminister, og kva Bjarte Tjøstheim og Sigrid Bonde Tusvik meiner ein ekte julefilm bør innehalde.

Kva synest du ein julefilm må innehalde? Kommenter under denne vekas Filmbonanza-sending.