The Walking Dead held fram med å vere den mest sette kabel-TV-serien i USA. Halvvegespunktet i fjerde sesong av serien, episoden Too Far Gone, som markerer ei pause fram til februar – samla 12.1 millionar menneske framfor TV-skjermen i natt, melder THR.

Serien omhandlar ei gruppe overlevande etter ein zombieepidemi, i området rundt Atlanta, Georgia. Den er basert på teikneseria med same namn, og har vore ein av kanalen AMC sine største suksessar sidan premiera i 2010.

Det er spesielt i aldersgruppa 18–49 – tradisjonelt sett på som dei mest ettertrakta kjøparane – at TV-serien samlar sjåarar. Unge flyktar vekk frå live-TV i USA, og i verda generelt – med 4 timar mindre i 2013 enn i 2010 – men The Walking Dead er eit av underhaldningsprodukta som held stand.

Anmelding: Walking Dead S04 E01-02: – Avhengig av å holde på spenningen

Ein bonusepisode av «Talking Dead» – spoilers frå andre sesong av serien.

Talking Dead

Med dette held kanalen òg fram med sitt Talking Dead, eit samtaleprogram der programleiar Chris Hardwick og gjestar diskuterer siste vekes hendingar i zombieserien, som samla omtrent 6 millionar sjåarar.

Dei same folka stod òg bak Talking Bad, som – naturleg nok – omhandlar Breaking Bad.

The Walking Dead er allereie fornya for ein femte sesong – AMC planlegg òg ein spinoff-serie som vil starte i 2015. Hittil er det ikkje kjend om denne vil vere sett før, under eller etter hendingane i moderserien.

Les også: AMC-sjef Josh Sapan håper «The Walking Dead» kan gå til 2022

Serien har òg inspirert ein populær serie med episodebaserte peik-og-klikk-spel – som går parallelt med TV-serien. Den startar sin andre sesong seinare i desember.

Her til lands går TV-serien på Fox Norge, for ikkje fullt så mange sjåarar. Den omtala åttande episoden denne sesongen går i kveld klokka 22.50.

Kva synest du om «The Walking Dead»? Ville du ha vore interessert i eit program etter TV-seriane dine som diskuterte hendingane i episoden?