I ettermiddag rundt klokka 14.30 norsk tid annonserast nominasjonane for Oscar-utdelinga. Dette gjer ofte folk veldig sinte, og er generelt ansett som å vere ein dårleg idé (for å parafrasere Douglas Adams).

Ein av grunnane til dette er at juryen, rundt 6000 ulike filmfaglege utøvarar, hovudsakleg består av ulike gjenlevande Hollywood-veteranar, anten det måtte vere Tom Hanks og Meryl Streep, eller folk som for lengst er pensjonert. Ifølgje L.A. Times hadde juryen i fjor ein snittalder på 62 år, 77 % av dei var menn, og 14 % prosent av medlemene er under 50 år.

– Eg ser inga grunn til at akademiet skal representere heile den amerikanske befolkninga. Slikt har me Peoples Choice Awards til, sa Oscar-styremedlem Frank Pierce (Dog Day Afternoon) i fjor.

Akkurat kva dette har hatt å seie for filmane som har blitt nominert og vunne Oscar er vanskeleg å seie, men på generelt grunnlag er det av og til at filmar med sterkt seksuelle og valdelege tonar vert oversett. Det såg me til dømes med filmar som Shame og Drive i fjor.

Leonardo DiCaprio tar i mot prisen for beste mannlige hovedrolle i en komedie eller musikal. (AP Photo/NBC, Paul Drinkwater)
Leonardo DiCaprio vann Golden Globe for «Wolf of Wall Street» på måndag, men har aldri vunne ein Oscar tidlegare. Vert dette året?. (AP Photo/NBC, Paul Drinkwater)

Les også: Topp 5: Oscar-skandaler

Årets «enten-eller» kan fort bli Martin Scorseses Wolf of Wall Street, som på førehand har blitt kritikarrost, men som fekk sterke reaksjonar frå Oscar-akademi-medlemer på ei visning i slutten av desember – der Scorsese og DiCaprio fekk negative kommentarar retta mot seg.

Det same har hendt før, på ei visning av Casino i 1995, som førte til «berre» éin nominasjon til filmen – Sharon Stone som beste skodespelarinne.

12 years an Oscar Bait?

Frå før er det anteke at filmar som 12 Years A Slave og American Hustle får ei rekkje nominasjonar, likeins med filmar som Inside Llewyn Davis, Captain Phillips og Dallas Buyers Club.

På skodespelarsida er det mange sterke skildringar å velje frå i år, blant anna frå dei allereie nemnde filmane. Cate Blanchett (Blue Jasmine), Judi Dench (Philomena) og stjerneskotet Jennifer Lawrence (American Hustle) er akademifavorittar som er rekna som sannsynlege på kvinnesida. På herresida er Joaquin Phoenix (Her), Chiwetel Eijofor (12 Years a Slave) og Matthew McConaughey (Dallas Buyers Club) sannsynlege nominerte.

Les også: «12 years a slave»-trailer er opplagt agn for Oscar-juryen

Science fiction-filmen Gravity er eit anna diskusjonstema før nominasjonane dukkar opp. Den er av mange trekt fram som ein av fjorårets beste, men science fiction har aldri vunne beste film før. At den kjem til å rake inn prisar i dei tekniske kategoriane er det likevel liten tvil om.

Oscarstatuett (Foto: REUTERS/Phil McCarten)
Oscarstatuett (Foto: REUTERS/Phil McCarten)

Interessant nok er det mogeleg for alle Oscar-medlemene å stemme på beste film utan å ha sett dei nominerte – sjølv om dei openbert vert sterkt oppfordra til det er det vanskeleg å ha full kontroll på rundt 6000 medlemmer.

Berre i kategoriane for dokumentar-, animasjon- og framandspråklege må dei aktuelle akademimedlemene skrive under på at dei faktisk har sett filmane før dei stemmer.

Om du vil ha eit kjapt overblikk over sannsynlege vinnarar og nominerte er det berre å ta ein kikk på denne vekas Golden Globe-vinnarar. I dei store kategoriane har dei to prisutdelingane premiert dei same filmane 91 av 140 gongar dei siste 20 åra.

Norske mogelegheiter?

Av norske håp er det tre filmar som kan ha ein sjanse. Dokumentaren The Act of Killing, som Filmpolitiet kåra til fjorårets beste film er ein amerikansk-dansk-norsk samproduksjon som er rekna som særs sannsynleg i dokumentarprisen.

Liv Ullmann og Sven Nordin speler roller i den tyske filmen To Liv, som er ein outsider for nominasjon til beste framandspråklege film.

Les også: Formann i Oscar-komiteen for utenlandske filmer mener flere land velger feil kandidat

I tillegg har Tommy Wirkolas film Hansel & Gretel: Witch Hunters framleis ei sjanse til å bli nominert for sminke og hår.

Nominasjonane vil bli presentert av Thor-skodespelar Chris Hemsworth og Oscar-akademileiar Cheryl Boone Isaacs klokka 14.30, som du kan sjå live i botnen av saka. Oscar-utdelinga vil gå føre seg den 2. mars – forseinka i år på grunn av vinter-OL i Sotsji – og blir leia av Ellen DeGeneres.

Kva film er din Oscar-favoritt i år?