Under den årlege prisutdelinga for kortfilmar på Sundance-festivalen i Utah var det éin nordmann blant vinnarane. Frå 66 kortfilmar utplukka frå 8 161 ulike innsendte vann regissør og manusforfattar Magnus Mork prisen for beste regi og ensemble for kortfilmen Burger (sjå den i botnen av saka).

Filmen tek stad seint på kvelden på ei burgersjappe i Wales, og viser ei rekkje påsegla nattmatinnkjøparar i samtalar rundt livet og kvarandre. Juryen grunngjer prisen med dei gode samhandlingane og løysingane i manus som raskt kunne ha gått veldig gale om det ikkje var gjort med stødig hand.

Regissør Magnus Mork. (Foto: Jon Pountney)
Regissør Magnus Mork. (Foto: Jon Pountney)

Burger vart finansiert med prispengane han vann for SamaritanLGBT-filmfestivalen Iris Prize i Wales i 2011, ifølgje Aftenposten, og vart spelt inn i Cardiff.

Les også: Topp 5: LGBT-filmar

Magnus Mork har tidlegare vunne kortfilmprisen på den norske Amandautdelinga i 2010 for filmen Samaritan, men også avgangsfilmen hans frå Universitetet i Gøteborg, Kompisar har vunne pris på til dømes Kortfilmfestivalen i Grimstad i 2010. Eit overeståande tema i fleire av filmane hans er såkalla skeive historier.

Juryens storpris gjekk til den syriske kortfilmen Of God and dogs, om ein syrisk soldat som innrømmer eit drap, laga av det arabiske kollektivet Abounaddara.

Alle prisane for kortfilm vart delt ut i natt, og den 25. januar vert resten av prisvinnarane premiert med Nick Offerman og Megan Mullally (Parks and Rec) som vertar for seremonien.