Under den første mellomoverskrifta er det spoilers for tredje sesong av serien.

Under denne vekas TCA-panel (Television Critics Association) i USA møtte fleire frå Sherlock-teamet opp for å snakke om tredje sesong av serien som starta på amerikansk tv i helga.

Ein fjerde sesong er framleis ikkje offisielt bekrefta frå BBC si side, men vart av skodespelarane Benedict Cumberbatch og Amanda Abbington, samt manusforfattar Steven Moffat, omtalt som så godt som påbegynt:

– Benedict og [manusforfattar] Mark har bestilt sesong fire og fem, spøkte Moffat, ifølgje IGN.

Mark Gatiss og Steven Moffat. (Foto: Ethan Miller/Getty Images/AFP)
Manusforfattarar og serieskaparar Mark Gatiss og Steven Moffat. (Foto: Ethan Miller/Getty Images/AFP)

– Det kjem til å fortsetje til Benedict er for berømt!

Cumberbatch er for tida innblanda i ei rekkje filminnspelingar, deriblant Morten Tyldums The Imitation Game. Moffat har tidlegare uttalt at han har lagt planane for ein fjerde og femte sesong saman med Mark Gatiss.

Les også: «Sherlock»-planar lagt for sesong 4 og 5

Bekrefta korleis Sherlock overlevde

Andre sesong slutta med ein cliffhanger der Sherlock kasta seg utfor eit tak. Spoilers følgjer:

Spørsmålet mange fans sat igjen med i dei to åra med venting var korleis han overlevde det, noko som førte til enorme spekulasjonar og teoriar – som Moffat igjen parodierte med fleire teoriar i den første episoden av sesong 3. Moffat meiner at det burde vere openbert kva av dei som var den reelle:

– Det var kjempelett. Den einaste måten å unngå å døy av å treffe fortauet er å ikkje treffe det. Det kunne aldri vere ein TARDIS (romskipet i Doctor Who – journ.anm.), så det måtte vere ei stor, blå pute.

Altså var teorien som Sherlock la fram for Anderson i første episode den korrekte, ifølgje tv-serieskaparen. Dermed legg Moffat debatten død, med mindre du er av dei meir rabiate konspirasjonsteoretikarane som vil halde fram med outrerte beskrivingar av kva som eigentleg hendte.

(Outrert som i videoen nedanfor, henta frå første episode av tredje sesong.)

Anmelding: Sherlock S03 E01: – Meir sjølvbevisst

– Alt er mogeleg

I den tredje sesongen er John Watson (Martin Freeman) forlova med Mary – spela av Amanda Abbington. På førehand fekk serieskaparane kritikk for å trekkje inn det som er ein litt perifer karakter i bøkene:

– Og eg tenkte, ‘Vent litt, du har ikkje sett kva eg gjer enno’. Ho likar Sherlock, ho elskar John, og ho vil at dei skal vere vener igjen, svarar Abbington, som er Martin Freeman sin kjærast i verkelegheita også.

Sherlock. (Foto: BBC)
Sherlock. (Foto: BBC)

Moffat meiner det er ei absolutt fare når ein fører inn ein kjærast til ein serie fordi det fort kan kome i vegen for moroa, men han lovar at ho ikkje skal bli sporlaust vekke, slik som i bøkene. Cumberbatch meiner ho er eit fint balansepunkt i serien.

– Det roar noko av samanstøyta mellom mennesket John og maskina Sherlock. I den balansa, mellom båe dei, er ho elska av begge.

Freeman er for tida oppteken med å spele inn tv-serie-adapsjonen av Fargo. Sjølv om Moffat og Gatiss skal ha planane klare ynskjer dei ikkje å avsløre noko om kvar serien går vidare.

– Alt er mogeleg, uttalte Moffat.

– Men me gjer vårt beste for å overraske deg med ein kombinasjon av løgn og svik. Så me kjem aldri til å fortelje det kva me kjem til å gjere.

Hm, kanskje me må revurdere det bombastiske fråsegna om korleis Sherlock overlevde – berre éin gong til.

Kva synest du om tredje sesong av Sherlock?