Eg veit kvifor de alle er her. For korleis i all verda overlevde hovudpersonen hendingane på slutten av Sherlock sin andre sesong? Meir om det straks.

Ved sidan av julenissen, og kanskje Dracula, er Sherlock Holmes blant figurane som er mest portrettert på film og tv. Spesielt om ein tek med figurar som er inspirert av han, som godaste Gregory House. Det er dog noko litt spesielt over figuren sjølv, den nesten magisk lynskarpe meisterhjerna som løyser krimgåter ut frå dei minste detaljar.

I BBCs nyversjon, sett til notidas London, er han ingen ringare enn storbypolitiets einaste frilansar, saman med sin etter kvart veldig gode ven, militærdoktoren John Watson.

Sherlock. (Foto: BBC)
Raff bart. (Foto: BBC)

I tredje sesong er det to år sidan me såg figurane sist, og Watson har nesten kome over det han trur er tapet av bestekameraten sin. Han har fått kjærast, doktorjobb og ein lite kledeleg bart.

Men Sherlock er sjølvsagt ikkje død.

Les også: Tredje sesong av «Sherlock» startar på NRK den 3. januar

Internett som ein eigen figur

Sherlock-fansen har higa etter meir av privatdetektivhelten i to år no. Og det har vore hardt. Nettforum har surra og gått med teoriar, fanfiction og diverse visuell snacks – gjerne av grovare ting som ikkje passar seg å vise fram under eit familieselskap.

Første episode gir alle svar på dødsfallet.

Den gir faktisk 13 mogelege svar. Og samtidig ingen svar. Serieskaparane Mark Gatiss og Steven Moffat har ikkje tenkt å late hemmelegheita gå så lett. Førstescena i tredje sesong er lite anna enn spektakulær, og historia vert teken vidare mot det som verkar å vere eit planlagd terroriståtak mot den engelske hovudstaden.

I 50-årsjubileumsepisoden av sci-fi-serien Doctor Who, som òg var skriven av Moffat, tok han fleire gonger «stemmer frå internett» – ulike meiningar, kritikk, og enorm entusiasme – og la i munnen på diverse figurar i serien. Det same har han no gjort med Sherlock.

Ein får den maniske dødsfallsteoretikaren (litt sånn som meg), ein som insisterer på at Watson og Sherlock er hakket meir enn berre gode vener, og personen som er sikker på at Moriarty og Sherlock EIGENTLEG er forelska i kvarandre. It’s a Tumblr world out there.

Til gjengjeld får seriens hovudpersonar svare på tiltale. «Everyone’s a critic!» utbryt Sherlock, «I’m not gay!» slår Watson fast. Eg kan formeintleg høyre Gatiss humre idet han legg sine svar til internettgenerasjonen i munnen på figurane sine.

Sherlock. (FOto: BBC)
Anderson, tidlegare krimteknikar, har no blitt Sherlock-konspirasjonsteoretikar. (Foto: BBC)

Serien vert hakket meir sjølvbevisst enn den har vore tidlegare, og tek meg til tider litt ut av opplevinga, men det viser i det minste at manusforfattarane kjenner sitt internett.

Les også: Dette veit me om tredje sesong av «Sherlock»

Den dynamiske duoen er framleis viktigast

Serien har framleis nære band til dei opphavlege bøkene, sjølv om ein del detaljar er endra lettare på får ein framleis ei underliggande kjensle av det viktorianske London. Tidlegare har Sherlock møtt sitt seksuelle og sitt kriminelle motstykke, lista er lagt høgt for skurkane denne gongen.

Benedict Cumberbatch er perfekt i rolla som den iskalde Sherlock. Meir er det ikkje å seie om det. Han gestaltar figuren som vippar perfekt på ein knivsegg mellom menneskeleg og umenneskeleg, framleis med ein treffprosent på godt under femti prosent når det gjeld forståing for menneskesinnet – sjølv om han viser eit par gode trekk denne gongen. Dog, gled deg til scena når han og Martin Freeman sin Watson skal møtast igjen.

Martin Freeman er Sherlocks ultimate motstykke som den menneskelege i duoen. Det var dynamikken mellom dei to eg trakk fram i mi anmelding av andre sesong, og det er framleis dette som er best i starten av tredje sesong. Krimgåtene kjem førebels litt i andre rekkje her, men det er heller ikkje det som har vore viktigast tidlegare i serien.

Steven Moffat har tidlegare fått kritikk for å skrive kvinneroller som pappfigurar. Inntil vidare synest eg at Amanda Abbington, som spelar forloveden til Watson og er Freemans kone i røynda, vert introdusert godt som ei dame med litt av den same sansen for gåter som dei to andre. Så gjenstår det å sjå kven av dei tre som vert det femte hjulet på vogna.

Anmelding: Sherlock S02: – Den moderne Sherlock held fram i same stil. Ypparleg stil!

Amanda Abbington som Watsons forlovede, Mary. Dette vert nok hjarteknusande for ein heilt spesiell del av internett. (Foto: BBC)
Sherlock. (Foto: BBC)

– Killing me, that’s so two years ago

Me får førebels sett lite av personen som er anteken å vere Sherlocks erkefiende denne sesongen, spela av danske Lars Mikkelsen. Det vert spennande å sjå korleis han vil følgje opp Andrew Scotts maniske Moriarty frå dei to føregåande sesongane.

Humoren er framleis til stades i serien, og då framleis i situasjonar mellom figurane. Spenninga likeins, sjølv om episodens actiongåte nesten vert overflødig og borte innimellom Sherlock-flørtinga.

Sesongen består som tidlegare av tre episodar på rundt halvanna time kvar. Første episode legg eit spennande premiss, herr Holmes visar karakterutvikling, men verkar til tider litt for sjølvbevisst. Lat oss håpe at Sherlock får eit ordentleg mysterium å bryne seg på, og at tredje sesong ikkje berre vert blunking til fansen som – framleis – ventar i spaning på korleis Sherlock eigentleg overlevde.

– You have missed this. Admit it, seier Sherlock.

– Jepp, det er godt å ha dykk attende, svarar eg frå sofaen.

Sjå miniepisoden «Many Happy Returns», ein 7 minutts opplading til tredje sesong av «Sherlock» som viser ein av internett-figurane.

PS: Forresten, eg sver, om det kjem så mykje som éin «Bjarte Tjøstheim har sanneleg rykka opp i skodespelarverda, hø hø hø»-vits i kommentarfeltet, så kjem eg til å spontanimplodere, og mogelegens ta heile kloden med meg i fallet.

Om SERIEN

Sherlock
  • Sherlock
  • Slippdato: 03.01.2014, NRK1 22.10 og 23.15
  • Sesong: S03
  • Regi: Jeremy Lovering
  • Utgiver: BBC
  • Originaltittel: Sherlock
  • Sjanger: Drama, Krig, TV-Serie