Det er tydelegvis gode tider for kult-teikneseriens veg til film- og tv-mediet. Neil Gaiman-prosjekta American Gods, Anansi Boys, og Sandman er allereie i gang, og no har AMC gått vidare med prosjektet dei annonsert for nokre månader sidan. Ein pilotepisode av Preacher er no bestilt frå Superbad-skaparane, melder blant anna slashfilm.

Preacher er basert på Garth Ennis og Steve Dillons teikneserie om ein omflakkande fråfallen prest, som er på jakt etter Gud for å finne ut kvifor han har forlate sitt embete som allestedsnærværende herskar. AMC si eiga beskriving av prosjektet utelét nokre detaljar (med eller utan vilje, kven veit?) frå teikneseria, men verkar i all hovudsak å vere ganske lik.

Manusforfattarane som er hyra inn er Seth Rogen og Evan Goldberg, manusforfattarparet som står bak filmar som Superbad og This is the end og ei rekkje andre humorprosjekt. Tidlegare har dei òg filmatisert superhelten Green Hornet til litt blanda mottaking.

Rogen og Goldberg promoterer for tida «This is The End», ein postapokalyptisk komedie som får norsk premiere i september. Foto: REUTERS/Mario Anzuoni
Rogen og Goldberg tek over «Preacher». Foto: REUTERS/Mario Anzuoni

– Dette er utruleg! Me har prøvd i sju år å få arbeide på Preacher og me er gira over at AMC endeleg let oss gjere det. Det er favoritt-teikneseria vår, og me skal gjere alt me kan for å gjere det rett, seier dei i ei fråsegn.

Les også: Rogen og Goldberg takka nei til å filmatisere «Uncharted»

Har bestilt pilot

AMC har no bestilt ein pilot som dei så vil bestemme seg for om skal gjerast til ein tv-serie. Kanalen gjorde, saman med produksjonsselskapet Sony TV, seg ferdig med Breaking Bad i fjor, og blir ferdige med Mad Men i løpet av året, så dei er på jakt etter nye konsept. Dei har allereie fått teikneseria The Walking Dead til skjermen, med stor suksess.

Serieskapar Garth Ennis er òg veldig positiv (men på den andre sida, kva anna kan han eigentleg vere i ei pressemelding):

– Steve Dillon og eg er veldig glade for å sjå Preacher utvikla for tv, ein stad som verkar meir som ein naturleg heim enn ein 2 timar lang film. Eg er spesielt imponert over at Seth ROgen, Evan Goldberg og [Breaking Bad-produsent] Sam Catlin forstår Preacher fullstendig – at dei skjønar det for det dét er.

Tidlegare har filmversjonar av blant anna Kevin Smith (Clerks, Zack & Miri Make a Porno) og James Bond-regissør Sam Mendes (American Beauty, Skyfall) forsøkt seg på prosjektet – men det har krasja kvar gong. Litt av problemet ligg kanskje i kontroversielle figurar som «Arseface», ein unggut som får eit deformert ansikt etter å ha forsøkt å ta livet sitt som Kurt Cobain – og som seinare vert popstjerne.

Kanskje er kombinasjonen mellom AMC og Rogen/Goldberg det som skal til for å få dette blasfemiske, morosame, men av og til overraskande sterke dramaet til tv-skjermen?

Filmadapsjonar heiter «filmatisering», speladapsjonar heiter under tvil «spelmatisering» – men kva heiter ein tv-adapsjon?