Det er ikkje alle som er så opptekne av OL – det er faktisk dusinvis av oss! Men når ein kombinerar det med Star Wars så kan det vel ikkje gå heilt feil?

Natholdet, eit talkshow på dansk TV2, har laga sin versjon av skiskyting – som kanskje er litt lite gjenkjenneleg for den jamne skisportfan.

Darth Vader og resten av Imperiet har tydelegvis noko imot Finland, for her går fleire finske kulekøyrerar ned for teljing når AT-AT-troppane går til åtak.

Burde ikkje OL eigentleg ta med Rollerball eller Quidditch og andre fiktive sportar?

Kva (filminspirerte) sportar synest du OL treng?