I natt fekk me den første kikken på den komande minisesongen (heile 12 episodar) av 24, kalla Live another day. Denne gongen er Jack Bauer i London for å forsøke å sleppe unna dei som jaktar på han etter hendingane i den åttande sesongen.

Promoen visar Jack i gatekaoset etter ein eksplosjon i det me forstår må vere London – fordi ein London-taxi har eit velplassert Union Jack på sida.

Han slepar på Chloe, som i anledning den komande karnevalstida har kledd seg ut som Lisbeth Salander frå Millennium-trilogien (ho har jo blitt freedom-hacker og Snowden-metafor, så det er kanskje ikkje så rart).

Smakebiten avsluttast med at Bauer skyt mot noko – ein terrorist, eller kanskje berre ei eller anna vindmølle i horisonten. Dei fem minitrailerane (sjå resten i botnen av saka) er spesielt innspelt for nattas Superbowl-sendingar, og mest sannsynleg vil dei ikkje vere med i sjølve tv-serien.

Serien går med sin niande sesong inn i eit litt nytt format, og legg frå seg minutt-til-minutt-tanken. Sesongen skal framleis gå over 24 timar, men vil berre ha 12 episodar som visstnok skal gi ein litt friare forteljingsstruktur.

Nye bekjentskaper

I tillegg til velkjende andlet som Jack og Chloe knyter me òg nærare bekjentskap med eit par nye figurar i dei komande 12 episodane. Stephen Fry (A bit of Fry and Laurie, Hobbiten: Smaugs ødemark) skal spele den britiske statsministeren Trevor Davies, som går under sterkt press når Bauer går amok i Storbritannia.

Yvonne Strahovski (Chuck) er òg med på laget som ein smart CIA-agent stasjonert i London. Andre nye fjes er Giles Matthey, Gbenga Akinnagbe, Michael Wincott og Judy Davis.

Fox og seriens skapar Howard Gordon er framleis ikkje heilt sikker på kva framtida bringer for 24. Ein film har vore i emning lenge, men hovudrolleinnehavar Kiefer Sutherland har sagt til Collider at filmen og miniserien er to ulike prosjekt:

– Filmmanuset var veldig, veldig annleis. Filmen er ein pågåande situasjon, det er alltid ei mogelegheit til å gjere den. Howard kom på ideen for 12 episodar om dette, og det var denne sjansen som presenterte seg til oss først.

Tidlegare er det TV2 som har sendt sesongar av 24, men det er ikkje avklart kvar den vert vist på TV i Noreg enno. Serien får amerikansk premiere den 5. mai.

Kva synest du om 24?