Superheltar er stadig heitt i Hollywood. Det siste skotet på stamma er ei nyoppstarting av Fantastic Four som no har fått sine sentrale skodespelarar, ifølgje The Wrap som siterer fleire anonyme kjelder. Filmens studio, Fox, har enno ikkje bekrefta det.

Filmens handling er ikkje avslørt enno, men dei har antyda at dei vil starte historia om det supre firkløveret på nytt. Fantastic Four består av elastiske Reed Richards/Mr. Fantastic, usynlege Sue Storm/Invisible Woman, brannfarlege Johnny Storm/The Human Torch, og kraftige Benn Grimm/The Thing er laget basert på teikneseria med same namn.

Rykta tilseier at Miles Teller (Rabbit Hole) blir Reed, Kate Mara (House of Cards) blir Sue, Michael B. Jordan (Chronicle) blir hennar bror, Johnny, Jamie Bell (Tintin) blir Ben, og at avtalane er så godt som i boks.

Det einaste problemet skal vere at Miles Tellers forplikting til å vere med som Peter i den komande Divergent-oppfølgjaren krasjar med innspelinga av superhelteventyret, som er planlagd å ha premiere i 2015.

Fantastic Four: Rise of the Silver Surfer. (Foto: Twentieth Century Fox)
Fantastic Four: Rise of the Silver Surfer frå 2007. (Foto: Twentieth Century Fox)

Det hastar nemleg litt for Fox, som alt har laga to filmar basert på heltane i 2004 og 2007, og rykta tilseier at dei var nøydde til å lage ein ny i løpet av 2014 for ikkje å miste rettane tilbake til originalskapar Marvel Studios, som dei kjøpte rettane frå på 90-talet.

Les også: Fantastic Four: Rise of the Silver Surfer: – Underholder godt

Fanreaksjonar

Tidlegare i februar vart det antyda at Dr. Doom er filmens hovudskurk, og ifølgje Hollywood Reporter utelukkar ikkje selskapet at den diktatoriske doktoren denne gongen kan vere ei kvinne (dette kan dog vere ei fråsegn for å skyggelegge handlinga ei stund til).

Umiddelbart er det òg mange teikneseriefans som stiller seg spørsmålet om korleis Michael B. Jordan og Kate Mara kan spele sysken, men det ville ikkje vere første gong detaljar vert endra for filmens del. Regissør Josh Trank hadde Jordan med i sin første spelefilm, Chronicle, og ville sannsynlegvis ta han med vidare. Teller og Jordan har òg spelt saman tidlegare i That Awkward Moment.

Det er nettopp Josh Trank som gjer til at eg framleis har trua på denne, nokre litt merkelege castingval til trass (Jamie Bell er jo ikkje akkurat ein stor og kraftig kar, men kanskje det kan forklarast i filmens manus). Hans debutfilm Chronicle var strålande. Dog, denne gongen er det Simon Kinberg som skriv manus, ein manusforfattar som kan vere litt ujamn (Sherlock Holmes, This means war, og komande Star Wars-spinoffs).

Anmelding: Chronicle: – 26-åringen Josh Trank brakdebuterer som spillefilmregissør med en helt spinnvill historie

Kva trur du om desse skodespelarvalga?