Fargo: This is a true story. (Foto: SF Norge)
Fargo: This is a true story. (Foto: SF Norge)

«THIS IS A TRUE STORY» er dei første orda i filmen Fargo frå 1996. Det er sjølvsagt løgn, Coen-brørne – regissørar og manusforfattarar – tok det med for å gi ein viss kjensle av alvor, og litt for å gjere narr av «basert på ei sann historie»-bølgja, til si mørke komedie.

Nokon skal visst ha teke beskjeden seriøst likevel. I byrjinga av 2001 dukka nyhenda om ei kvinne opp under tittelen «Cult film sparked hunt for a fortune».

Den fortalde historia om ei 28 år gammal kvinne frå Japan som reiste til Nord-Dakota for å finne skatten som blir begravd mot slutten av Fargo. Ho skal seinare ha blitt funnen død, i området utanfor Brainerd der filmen finn stad.

– Eg har alltid vore fascinert av conquistador-historier. Dette var det næraste ein kom i røynda til ei myte; å fare over sjøen til eit eksotisk, merkeleg land – det er noko fantastisk med dette, seier regissør og manusforfattar David Zellner til The Daily Beast.

Her vart kofferten begraven. (Foto: SF Norge)
Her vart kofferten begraven. (Foto: SF Norge)

Les også¨: Topp 5: Coen-filmar

Berlin-premiere, og ny tv-serie

Som alle andre historier i verkelegheita har dette no altså blitt ein film med Rinko Kikuchi (Norwegian Wood, Pacific Rim). Kumiko, the treasure hunter frå eit anna filmbrødrepar, David og Nathan Zellner.

Saka vart etter kvart rulla opp i avisa The Guardian i 2003, som klarte å finne namnet på kvinna – Takako Konishi, ein kontorarbeider frå Tokyo. Det er denne artikkelen som inspirerte Zellner:

– Eg elska tanken om at nokon framleis reiste til den nye verda etter rikdom.

Brørne fylte inn historia innimellom fakta frå artikkelen og anna research og enda til slutt opp med eit manus, som kjem til kinolerreta i år. Filmen har førebels ikkje fått distribusjon i Noreg.

Filmen til Coen-brørne er stadig aktuell, den 14. april kjem ein ny tv-serie basert på det same norskætta universet til kanalen FX. Kven som skal sende dei 10 episodane her til lands er enno ikkje kjend.

Martin Freeman (Sherlock, Hobbiten-filmane) skal ha hovudrolla med Billy Bob Thornton (Monsters Ball), Colin Hanks (The Good Guys) og Bob Odenkirk (Breaking Bad) i andre sentrale roller.

Les også: «Hobbiten»-stjerna Martin Freeman skal spele i «Fargo»

Kva trur du om desse avartane av Fargo?