Netflix har fornya tv-serien House of Cards for ein tredje sesong. Serien om den manipulerande politikaren Frank Underwood som styrer den amerikanske kongressen etter beste evne var Netflix første eigenproduserte serie i fjor på desse tider.

Med på laget vidare er både Kevin Spacey og Robin Wright som speler det sentrale ekteparet Underwood, melder blant anna Variety.

ANMELDING: House of Cards S01 E01-E02: – «The West Wing» sin vonde tvillingbror

Netflix-sjefen Ted Sarandos. (Foto: Jason Kempin/Getty Images)
Netflix-sjefen Ted Sarandos. (Foto: Jason Kempin/Getty Images)

Dette kjem rundt ei veke før premiera på andre sesong av serien, som vert slept den 14. februar. Årets episodar handlar om Underwoods innhopp som visepresident, og motgangen han møter.

Opphavleg to sesongar

Opphaveleg var avtala med manusforfattar Beau Willimon (Maktens menn) på to sesongar, men Netflix-sjef Ted Sarandos har tidlegare hinta til at meir vil kome.

– Tanken vår er absolutt at serien skal halde fram, absolutt, sa han i oktober i fjor.

I intervjuet med Filmpolitiet i juli ifjor meinte Spacey at House of Cards mest sannsynleg vil bli hans siste TV-serie som skodespelar, men ikkje kor lenge den ville halde på.

Spacey til Filmpolitiet: – Nei, eg er ikkje interessert i å gjere fleire TV-seriar som skodespelar

Om Netflix følgjer den same rytma som tidlegare, vil tredje sesong dukke opp mot starten av 2015. Strøymetenesta og produksjonsselskapet har òg fornya tv-seriane Orange is the new black og Hemlock Grove – i tillegg vil dei lansere sci-fi-serien Sense8, eventyrserien Marco Polo og fleire ulike Marvel-seriar.

Kva trur du blir neste steg for Frank Underwood?