Stem på din favoritt her!

I dei komande månadane vil NRK kåre 2000-talets beste norske TV-serie, og då treng me blant anna di hjelp. Filmbonanzas programleiar Vegard Larsen forklarar:

– Me vil gjere opp status og sjå kva som faktisk er prestert på dramafronten i Noreg dei siste åra!

– Aldri tidlegare har norske fiksjonsseriar skapt så mykje engasjement. Dei vert sett av mange, og det diskuterast ivrig rundt kvalitet; truverdige dialogar og handlingar, kva som er ein tv-suksess, kvifor me ikkje gjer det like bra som danskane, og så vidare.

  • Juryen
  • Juryformann Ulrik Eriksen, Morgenbladet
  • Mikael Godø, Dagbladet
  • Cecilie Asker, Aftenposten
  • Terje Eidsvåg, Adresseavisa
  • Aksel Kielland, frilansskribent
  • Birger Vestmo, Filmpolitiet
  • Anne Gjelsvik, filmprofessor ved NTNU
  • Audun Engelstad, førsteamanuensis ved Filmskolen i Lillehammer
  • Gry Rustad, stipendiat av IMK ved universitetet i Oslo
  • Andreas Iversen, mastergrad i norske og danske tv-seriar

Kåringa er todelt. På den eine sida ynskjer me at publikum skal få delta med si meining om norske TV-favorittar. På den andre sida vil ein vidtspennande fagjury med Ulrik Eriksen (filmkritikar i Morgenbladet) i spissen trekke fram seriane dei meiner er best.

– Målet er å sjå norske TV-dramaserier under eitt. Litt av målet mitt er å finne ting eg har gått glipp av, men som likevel har ein verdi, og kanskje ikkje har fått plassen den fortener, seier Eriksen.

– Me ynskjer å skape merksemd rundt dei beste seriane, og sjå om det er store skilnadar mellom kritikar- og publikumsfavorittane, seier Vegard Larsen.

– Langt fleire enn eg kan hugse

I botnen av artikkelen finn du ei total liste over norske tv-produksjonar frå 2000 og fram til no. Me vil gjerne at du legg att dine favorittar i kommentarfeltet, som vil utforme ei liste som kåringa vil ta utgangspunkt i. Kva er din tv-favoritt frå 2000-talet så langt?

– Det første som slår meg er at det er laga langt fleire tv-seriar enn eg kan hugse, seier Filmbonanzas programleiar.

– Eit par av mine favorittar er Ran frå 2005 og Koselig med peis frå 2010. Nissene på låven frå 2001 har hatt utruleg mykje å seie for norsk humor, og Dag fra 2010 er også ein favoritt. Det er ingen enkel jobb juryen står overfor, og eg gler meg til resultatet!

– Eg har ein del som er på «sjølvsagt»-lista, som eg til og med har sett igjen fleire gongar etterpå, seier Eriksen.

– Blant det eg hugsar som bra er det veldig mykje humor og komedier. Kva det seier om norsk humor på den eine sida, og norsk krim og drama på den andre, vert spennande å sjå.

Den 24. februar vil me legge ut ei liste basert på tilbakemeldingane som du kan stemme på for å påverke publikumslista. Frå 6. mars vil me presentere éin tv-serie per dag frå 10. plass i jurykåringa.

Den 13. mars vil topp 3 bli vist fram på Filmbonanza og på nett her hjå Filmpolitiet saman med publikums favorittar.

Lista

Basert på forespurnader til kanalane. Rangert kronologisk etter premiereår.

Kva er dine favorittar, og kvifor?

2000

Ca. lykkelig, TV2
Copacabana, NRK1
Fire høytider; Dåpen, Konfirmasjonen, Bryllupet og Begravelsen, NRK1
Sofies Verden, NRK1
Sejer – Se deg ikke tilbake, NRK1
Soria Moria, NRK1
Turbulent sone, NRK1

2001

Fox Grønland, TV2
Nini – Den stille uke, NRK1
Nr. 13, NRK1
Nissene på låven, TVNorge
Olsenbandens første kupp, TV2
Stikk, NRK Super

2002

Brigaden, NRK1
Borettslaget, NRK1
Det tredje tegnet, NRK1
Endelig fredag, TV2
Far og sønn, TV2
Fleksnes – Himmelen kan vente, NRK1
Holms, TV2
Lekestue, NRK1
Maina Sofies jul, TV2
Sejer – Djevelen holder lyset, NRK1

2003

8 Noveller, NRK1
Karsten og Petra, NRK Super
Mia, NRK Super
Sejer – Elskede Poona, NRK1
Sigurd og Ronny, TV2
Taxi, Taxi, NRK1
Uti vår hage, NRK1

2004

Det gode selskap, TV2
Hos Martin, TV2
Hundehjørnet, NRK1
Jonny og Johanna, NRK Super
Kaptein Sabeltann og jakten på den magiske diamant
Linus i Svingen, NRK Super
Reisen til julen, TV2
Suzannah, NRK1
Svarte penger, hvite løgner, NRK1
Skolen, NRK1
Seks som oss, TV2

2005

Drømmefangeren, 2005
Deadline Torp, NRK1
Maina Sofie og jakten på Gullreinen, TV2
Ran, TV2
Slangebæreren, NRK1
Tjuefjerde, TV3
Ved Kongens bord, NRK1

2006

Arkivet, TV3
Ekko av Ibsen, NRK1
En udødelig mann, NRK1
Etaten, NRK1
Fremtiden kommer bakfra, NRK1
Gutta Boys, NRK Super
Jul i Tøyengata, TVNorge
Jul i Svingen, NRK Super
Sejer – Svarte sekunder, NRK1

2007

Berlinerpoplene, NRK1
Hombres, TVNorge
Hjerte til hjerte, NRK1
Kodenavn Hunter, NRK1
Luftens helter, NRK1
Størst av alt, NRK1
Thomas P, NRK Super
Torpedo, TV2

2008

AF1, NRK Super
Himmelblå, NRK1
Hvaler, TV2
Nattsøsteren, NRK1
Sørgekåpen, NRK1
Tett på tre, TV2

2009

Ali Reza, TV2
En god nummer to, TV2
God natt, elskede, NRK1
Harry & Charles, NRK1
Karl III, TV2

2010

Dag, TV2
Kongsvik Ungdomsskole, TVNorge
Orkestergraven, NRK1
Popp og Råkk, NRK3
Verdens beste SFO, NRK Super

2011

Brødre, NRK1
Buzz Aldrin, hvor ble det av deg i alt mylderet?, NRK1
Helt perfekt, TVNorge
Jul i Blåfjell, NRK Super
Kaptein Sabeltann, NRK Super
Koselig med peis, NRK1
NAV, TVNorge
Nissene over skog og hei, TVNorge
Sara og Selma, TV2
Schmokk, NRK1
Småbyliv, NRK1
Spesialenheten, TV3
Taxi, NRK1
Vaffelhjartet, NRK Super

2012

Dauinger, NRK Super
Erobreren, NRK1
Hellfjord, NRK1
Hjem, NRK1
Julekongen, NRK Super
Kongsvik Videregående, TVNorge
Lilyhammer, NRK1
Nattskiftet, TV2

2013

Halvbroren, NRK1
Hjerterått, NRK Super
Sommeren med pappa, NRK Super
Side om side, NRK1

2014

Mammon, NRK1