Akkurat no er det rundt 5 millionar brukarar som har vore innom ein direktestraum av Gameboy-spelet Pokémon Blue/Red. Chatvindauget strøymer over med korte beskjedar på eit spel som har gått føre seg i omtrent fire dagar til saman. Ikkje så uvanleg, eigentleg – strøyming av livespeling er ein stadig meir populær aktivitet.

Raud er anbefalt rute, blå er Twitchplayspokemon si rute.
Raskaste rute er langs den raude streken. Men når alle prøver å bestemme samtidig, så blir det den blå vegen …

Men kva om det ikkje var éin person som styrte spelaren, men i staden absolutt alle i chatvindauget? Vil spelet kunne halde fram slik det skal? Det er dette eksperimentet TwitchPlaysPokémon går ut på, å late alle som ser på ta direkte del i spelet.

Ei datamaskin tek inn dei korte beskjedane frå chatten (venstre, høgre, A, B, og så vidare) og tolkar det som kommandoar til spelet i cirka sanntid – frå rundt 50 000 mennesker på det meste.

Ei oppskrift på kaos, kanskje, men spelarane har kome seg overraskande langt – dei har slått fire av åtte bossar, og er omtrent halvveges på vegen mot spelets endelege mål, å bekjempe ligaen og bli Pokémon-meister.

Les også: Ein tredel av tida spelarar nyttar på Playstation 4, er til andre aktivitetar enn speling

Tok utgangspunkt i kampsimulator

Opplevinga kjennest litt tilfeldig, spelets hovudfigur står mykje og dunkar hovudet mot veggar og gjerder – samtidig er det noko fascinerande når ein veit maskineriet bakom.

Mange har samanlikna dette med setninga om uendeleg mange aper: at med nok tid vil mange nok apekattar med skrivemaskiner i teorien kunne skrive verker av Shakespeare.

Nære på: Charizard klarar akkurat å bekjempe den tredje bossens siste Pokémon. (Foto: Twitchplayspokemon)
Nære på: Charmeleon klarar akkurat å bekjempe den tredje bossens siste Pokémon utan å svime av. (Foto: Twitchplayspokemon)

Her er det dog litt meir vilje og forståing enn i ei million apekattar. Som eit endå mindre menneskeleg alternativ har nokon sett opp noko tilsvarande med tilfeldige tastetrykk frå datamaskina, i løpet av 37 timar har den slått to av åtte bossar.

– Opphavleg ville eg lage min eigen versjon av Saltybet, seier skaparen til Polygon – ei teneste der folk kan satse virtuelle pengar på simulerte datakampar i spel.

Då interessa for den typen spel vart vekke frå internettets døgnfluge-merksemd, fann han ut at han ville starte dette i staden, sidan spelets turbaserte mekanikk kunne fungere med forseinkinga det tek frå nokon skriv inn noko til det vert registrert på skjermen (rundt 30 sekund i skrivande stund).

Les også: Pokémon X og Y: – Et vanvittig tidssluk!

Spelets gang vert nedskrive i eit Google-dokument, for dei som vil halde seg oppdatert på det som hender.

Når ein først har klart fire underbossar på veg til det store meisterskapet, bør det vere mogeleg å nå alle åtte. Mest spenning er det no knytt til den avsluttande Victory Road, eit område som krev mykje finpuss på rørsler for å unngå å ende opp på byrjinga.

Er det berre eg som er frykteleg fascinert over dette? OL, eat your heart out!

Watch live video from TwitchPlaysPokemon on www.twitch.tv