Disney tok over alt som heitte Lucasfilm hausten 2012, betydde ikkje det berre at det kjem minst fem nye Star Wars-filmar fram mot 2019. I fjor haust lova Disney og Lucasfilm ein ny tv-serie, Star Wars Rebels, som me så vidt har sett glimt av før.

NO ONE EXPECTS THE GALATIC INQUISITION! (Foto: Disney/Lucasfilm)
NO ONE EXPECTS THE GALATIC INQUISITION! (Foto: Disney/Lucasfilm)

I natt viste dei fram dei to første ordentlege teaservideoane frå serien, fokusert rundt den nye figuren, Ezra Bridger.

Handlinga finn stad i tida mellom Episode III og Episode IV, medan Imperiet er i stadig vekst og dei attverande jediane står i fare.

Les også: Disney kjøper Lucasfilm for 4 milliardar dollar

Sjå den andre teaseren i botnen av saka.

Eit gryande galaktisk opprør

Midt i Imperiet startar opprøret (som me etter kvart får sjå resultatet av i dei tre tidlegaste filmane), rundt Ezra (Taylor Gray) og hans bortgøymde «cowboy»-læremeister, Kanan Jarrus (Freddie Prinze Jr.). Ezra har òg ein god ven i astrodroiden Chopper.

Serien vil, som den førre, vere retta mot eit yngre publikum. Det stoppa meg dog ikkje frå å sjå på Clone Wars, så kvifor skulle det stanse meg no?

Velkjende tonar, innpakka i litt vél standardiserte trailerfraser til trass – det er framleis lov til å håpe på noko kult.

Star Wars Rebels vil i USA gå på barnekanalen Disney XD hausten 2014, og det er ikkje utenkjeleg at den her til lands endar på den norske versjonen av same kanal.

Les også: Jesse Plemons ryktast til «Star Wars»-rolle

Siste sesong av «Clone Wars» på Netflix

Cartoon Network (og NRK i Noreg, blant anna) sende den tidvis veldig underhaldande animasjonsserien Star Wars: Clone Wars, som brått møtte ein raskare død enn venta på grunn av salet av Lucasfilm.

Netflix har difor kjøpt opp Clone Wars for ein siste og sjette sesong. Den vil ifølgje Deadline få namnet The Lost Missions, og skal framleis finne stad mellom Episode II og Episode III. Desse skal få premiere i byrjinga av mars.

Dette er endå ei lukrativ avtale mellom Disney og Netflix, som like før jul sikra ei avtale om å streame fire eksklusive Marvel-superhelt-tv-seriar.

Les også: Netflix og Marvel samarbeider om superheltseriar

Det ryktast for øvrig framleis om ein ikkje-animert tv-serie for eit eldre publikum, noko det har blitt gjort sidan Star Wars-produsent Rick McCallum arbeidde hardt for «Deadwood in space» på byrjinga av 2000-talet. Ingenting nytt om dette elles, sidan oktober i fjor.

Det er mykje «Star Wars» i emning no, kva håper du aller mest at Disney/Lucasfilm lanserer i løpet av året?