PlayStation 4 er godt i gang med 2014 om ein skal tru dei sjølve. Rundt nyttår vart det kjend at dei allereie har seld over 4 millionar spelmaskiner, og i ein lukka presentasjon om plattformens tilstand avslørte dei at dei har mange spel planlagt for det komande året.

– Meir enn 100 PS4-spel er planlagd for slepp i 2014, seier Sony i ein tweet.

Blant desse er alt frå små uavhengige titlar til dei større studiospela – frå Don’t Starve og nylanseringa av Fez til The Order: 1886 og Infamous: Second Son. Dog, kvantitet betyr som kjend ikkje alltid kvalitet, noko Sonys marknadsnestsjef John Koller fokuserte på, ifølgje IGN:

– Når etterspørselen [på PlayStation 4] er større enn tilbodet, er lovnaden om kva som skal kome spesielt viktig.

Desember 2013: PlayStation 4-spillere har strømmet i over 38 år til sammen

Meir PlayStation 4-statistikk

Sony la òg ut om andre tal for PlayStation 4 så langt, og kunne avsløre at maskinene deira har tromma opp ei samla speletid på 34 millionar timar i veka – 50 millionar timar totalt om ein tek med andre underhaldningstenester som Netflix- og Twitch-streaming.

90 prosent av dei selde PlayStation 4 er kopla opp til nett, og rundt halvparten av brukarane er kopla opp mot abonnementstenesta PlayStation Plus – noko som naturleg nok heng saman med at ein treng dette for å kunne spele i såkalla «Remote Play», å streame speling til ein PlayStation Vita. Assassin’s Creed 4: Black Flag, Don’t Starve og NBA 2k14 er hittil dei mest populære Remote Play-spela.

Sony har framleis eit forsprang på sin hovudkonkurrent Microsoft – hvis Xbox One framleis ikkje har fått offisiell lanseringsdato i Noreg. I fråsegn til Microsofts nye sjef, Satya Nadella, uttalte ein investor at han anbefalte at Xbox-maskina var eit av prosjekta selskapet burde legge frå seg – saman med søketenesta Bing og Surface-maskinene – ifølgje Washington Post.