«Nei da, eg fiksar det. Eg må berre kose litt.»

Denne setninga oppsummerar eigentleg heile Neste sommar. Sentralt er paret Eva (Janne Formoe) og Per Ivar (Trond Fausa Aurvåg), som tek over hennar foreldres hytte – ei perle i eit svabergsparadis, like ved ei rekkje andre hytter.

Sitatet over tilhøyrer Evas bror Terje (Eivind Sander) som plutseleg møter eit par som han hugsar igjen, men som han ikkje kan kome på kvar han har sett før – eller kva dei heiter. Men om dei berre kosepratar lenge nok, så kjem han sikkert på det.

Hendingar som dette definerer serien. Møtet mellom menneske som ikkje kjenner kvarandre så godt som dei gir uttrykk for, fasadar som er sett opp for utsida, og ein familie som sit fast med kvarandre den komande sumarferien.

Resultatet er attkjennelege situasjonar, i ein roleg nedadgåande spiral. Spørsmålet er kanskje om det går for roleg – eit veldig sumarleg tempo.

Neste Sommer på TVNorge. (Foto: Feelgood/TVNorge)
Eivind Sander og Pia Tjelta, frå nabohytta. (Foto: Feelgood/TVNorge)

Les også: Topp 5: Ferie på film

Hyttefeltet – statussymbolets høgborg

Serien er skrive av Lars Gudmestad (Buddy, Julekongen) og Simen Alsvik (Lilyhammer, Tina og Bettina) – dei har skapt eit univers som er like bedageleg som fellesferien.

Produktplasseringa i serien er mangfaldig, men av ein eller anna grunn reagerer eg ikkje særleg på det.

Kanskje fordi at det er nettopp i hyttesamfunn som dette at framheving av statussymboler som den beste gressklipparen, den riktige hyttedassen og den flottaste grillen er på sitt fremste òg i den verkelege verda. Når den patriarkalske velforeningsstyraren framhevar eit merke som den beste brenndoen, så er eg heilt med på det.

Om det er bevisst frå manusforfattarane si side eller ikkje, så kjennest det eigentleg ganske naturleg. I frykteleg mange andre situasjonar hadde det stukke seg betrakteleg meir fram.

Burde gå lenger

I hovudrolla som Per Ivar er Trond Fausa Aurvåg god. Han har nesten perfeksjonert sitt uttrykk av «stusselig kar» – som han har spelt i ein eller anna versjon sidan Den brysomme mannen. Her er det dog meir handlekrafta som er manglande, der det heller er intelligensen som manglar på figuren hans i Lilyhammer.

Neste Sommer på TVNorge. (Foto: Feelgood/TVNorge)
Utedoen står for tur i «Neste sommar». (Foto: Feelgood/TVNorge)

Rollene elles er godt besett, og spesielt får eg fot for Ellen Horn som Per Ivars svigermor. Lat oss håpe at ho får litt meir å seie i etter kvart som serien går.

Stem på din favoritt: Hva er Norges beste tv-serie sidan år 2000?

Ut frå den svenske suksessen Solsidan har det vakse fram fleire seriar som prøver å ta den mellommenneskelege pinlegdommen på kornet. Neste sommar går litt i strupen på det konfliktsky kvardagsmennesket, men ikkje så langt som Curb your enthusiasm eller danske Klovn.

I løpet av sesongens tre første episodar byggjest det sakte men sikkert opp ei stemning. Ein eller anna stad må demninga breste, men inntil då går det nesten litt for roleg.

Seriens manus skulle gjerne ha vore litt skarpare, litt farlegare – det bedagelege er realistisk, men vil kjapt bli tamt i lengda.

Neste sommar er lunt, morosamt, og spesielt attkjenneleg – på den rette måten. Lat oss berre håpe at den ikkje ender med å bli like rund i kantana – like ufarleg – som DeLillos-låten den lånar namnet sitt frå.

Om SERIEN

Neste sommer
  • Neste sommer
  • Slippdato: 09.03.2014, søndager 21.30 på TVNorge
  • Sesong: S01 E01-03
  • Regi: Simen Alsvik
  • Utgiver: Feelgood TV/TVNorge
  • Sjanger: Komedie, TV-Serie