Det finst mange grunnar til å rømme attende til ein stad du ein gong rømde frå. Synnøve (Hege Aga Edelsteen) verkar å ha ein plan då ho set seg i bilen sin og forlet livet i Oslo, og kjærasten Hans Petter (Benjamin Helstad) som stort sett berre kommuniserar i fylla, til fordel for heimstaden.

På veg til Troms treff ho – eller, ho blir treft av – den kanadiske motorsyklisten Max (Nicholas Hope), som ho bestemmer seg for å pleie tilbake til full form. I og med at dei båe er langt heimanfrå, inneber dette å ta Max med til den isolerte og alkoholiserte mora hennar (Maryon Eilertsen).

Den nordnorske naturen vert nytta til det fulle. Dei høge, kvitkledde fjella kjennest ut som den held folka nede i den grå og triste kvardagen. Fjella i Permafrost vert ramma rundt ei tidvis morosam, men flakkande historie.

Permafrost. (Foto: Actionfilm)
Synnøves mor – isolert og alkoholisert. (Foto: Actionfilm)

Anmelding: Jag etter vind: – Om dama som er nødt til å innse hvorfor hun dro, fra Norges kanskje vakreste sted

Få figurar, ingen heltar

Ein kan jo skjøne kvifor Synnøve ville forlate det einslege huset i dalen i utgangspunktet, som kun vert forstyrra av ein nabo på ein summande snøscooter nokre gongar om dagen. Det er ingen heltar her. Vår hovudperson rømmer kanskje frå den ugreie sambuaren sin, som ho mistenkjer saknar bilen mest av alt, men Synnøve har inga glorie sjølv. Eg trur utan problem på hennar rolleprestasjon.

Sidan rolla si i Bad Boy Bubby har Nicholas Hope rukke å bli grå i skjegget – det intense blikket og den maniske utsjånaden har han framleis, nytta godt i filmens mange konfrontasjonar.

Permafrost. (Foto: Actionfilm)
Max – ein langvegsfarande som må bli pleia attende til god helse. (Foto: Actionfilm)

Det er nesten rart å tenkje at ein film med i prinsippet fem figurar kunne ha blitt betre om dei tok ut eit par, men ein så komprimert film som dette – hovudsakleg satt i området rundt barndomsheimen – kunne ha tent på å bli endå meir konsentrert.

Det siste året har ei rekkje uavhengige filmar komt på kino i Noreg, og Permafrost må vere blant dei mest uavhengige hittil – omtrent totalt utan offentleg støtte. Ei spennande utvikling for norsk filmbransje, sjølv om det førebels ligg an til ei rekkje norske filmar med låge publikumstal.

Regissør John Sullivan har tidlegare blant anna laga dokumentarane Pornostjerne? og den Amanda-belønna Afghanistan-kritikken Home of the brave – Land of the free. Nokre verkemiddel har han teke med seg frå dokumentarens verd til Permafrost.

Anmelding: Pornostjerne?: – Hylende morsom underholdning, bare på en trist måte

Improvisert dialog

Mykje av dialogen vart arbeidd fram gjennom improvisasjon mellom skodespelarane – litt oppstylta, som det gjerne blir når nordmenn må snakke engelsk med ein utlending. Men det verkar ikkje som om Sullivan hadde heilt trua på at bodskapen ville kome fram av seg sjølv i spontaniteten.

Permafrost. (Foto: Actionfilm)
Eit dysfunksjonelt forhold er årsaken til at Synnøve reiser heim. (Foto: Actionfilm)

Dermed er mykje av det som kunne ha forblitt usagt lagt til innhopp som ein filma sesjon i eit psykologkontor – dokumentarisk framsatt, nesten som ein realitydeltakar i ein videoboks.

Eit interessant verkemiddel, dersom det i større grad hadde blitt nytta som overrasking, heller enn overforklaring. Det fungerar som ein introduksjon til verda, men vert raskt overflødig.

Permafrost trekk meg fram og tilbake i tid, rom og sinnsstemningar – men det kjennest rotete, og mister den raude tråden i forteljinga. Figurar og stader dukkar opp utan å kome til ein konklusjon.

Når filmen får vere konsentrert rundt figurane i huset, fri frå tilbakeblikk og forklaringar, og i staden konsentrert på møta mellom selsomme menneske i ein selsom dal – er den tidvis både morosam og tankevekkjande. Men med så mykje uforløst i historia verkar det nesten som det er lagt opp til ein oppfølgjar. Nesten.

Om FILMEN

Permafrost
  • Permafrost
  • Slippdato: 14.03.2014
  • Regi: John Sullivan
  • Utgiver: Actonfilm
  • Sjanger: Drama, Komedie