– Eg trur at dei som les boka, og ser serien – og omvendt – vil sjå at Piper Chapman ikkje er den same som Piper Kerman, seier Piper Kerman.

Ho er forfattaren bak boka Orange is the new black, om hendingane i året ho sat bak murane i eit kvinnefengsel. I fjor vart boka adaptert til ein Netflix-serie med same namn der figuren Piper Chapman (Taylor Schilling) gjennomgår dei same hendingane – iallfall nesten.

– Ho har veldig ulike utfall i historia si og ho tek heilt andre val enn meg – men eg meiner at tv-serien er veldig tru mot ånden i boka.

– Eg trur at alle figurane i programmet står åleine, og ikkje reflekterer menneske på same måten som i eit doku-drama eller det me kallar ein «biopic». Programmet arbeider mot ei ulik verkelegheit.

Sesong to av serien kjem i juni, og vil plukke opp historia der den dramatiske seriefinalen slutta.

Orange is the new black. (Foto: Netflix)
«Orange is the new black» er den nyaste av Netflix-seriane.

Les også: «Orange is the new black» kjem attende i juni

Har engasjert seg i innsattes rettar

Weeds-skaparen Jenji Kohan leitte etter eit nytt prosjekt vart ho interessert i Kermans historie. Ikkje berre fordi reisa hennar var interessant i seg sjølv, men òg fordi ho ville nytte Chapman som ein inngangsport til forteljingar ho meina mangla på tv.

– Det er mange forandringar som Jenji Kohan og hennar lag har gjort til historielinja, figurar dei har laga, nokre av dei heilt nye – og endra folk som er endra i boka mi. Så det er nokre veldig store skilnadar frå historielinja og figurane du finn i programmet, og den verkelege historia som er i boka, seier Kerman.

– Ein av tinga som var viktig for meg då eg skreiv boka var å gi folk ei meir mangefasettert, meir sannferdig oppfatning av kven som er i fengsel og kvifor dei er der – kva val som fører dei inn dit, og kva som verkeleg hender dei bak murane.

Eit rikt galleri av kvinnelege skodespelarar med djupe bakhistorier dannar grunnlaget for serien, som kvar episode tek for seg éin innsatt sin veg inn i fengselet. Dei fleste av desse bakhistoriene er funne opp for tv-serien, men forfattaren meiner det er realistiske skildringar me får sjå.

– Det måler eit ganske annleis bilete for amerikanarar om kven som faktisk er låst inne i fengsla våre, seier Kerman – som etter at ho kom ut har engasjert seg i rettane til innsatte i amerikanske fengsel.

– Som du heilt sikkert veit, så har USA den største fengselsbefolkninga i verda, så i mi meining er det eit spørsmål det er verdt å sjå nærare på.

Les også: 2013: Dei 10 beste tv-seriane, med «Orange is the new black» på sjette plass

Humor i fengselet

TV-serien tek mykje nytte av komikk, trass eit litt dystert utgangspunkt. Livet bak murane er sjeldan artig, meiner Kerman, og det var rart for ho å sjå dei delane av serien som er basert på røynda, blir teke som humor.

– Sjølv i verkeleg mørke og vanskelege hendingar, så lener menneske seg på humor for å overleve. Eg trur det ville ha vore vanskeleg å overleve fengselssystemet utan… utan humor i livet, seier Kerman.

– Først og fremst er det sannferdig fordi det viser korleis den innsatte overlever og navigerer – og beheld vitet og det menneskelege. Humoren er ein del av det.

Orange is the new black. (Foto: Netflix)
I tv-serien har dei fleste av figurane rundt Piper Kerman djupe, oppfunne bakhistorier. (Foto: Netflix)

– Kor lenge kan ein serie som dette leve?

– Vel, eg trur at det er ei stor rekkje folk og historier, og at sanninga er at eit fengselssystem som er så stort som vårt har mange historier å fortelje. Det opnar for mange mogelegheiter for kreative folk som lagar TV om å fortelje alle mogelege historier på nye og interessante måtar. Berre tida vil vise kor lenge forteljinga kan vare, men me er veldig, veldig spent på den andre sesongen som alle arbeider hardt på no.

Kermans oppgåve på serien var å vere ein slags konsulent. Manusforfattarar, produksjonsdesignarar og andre kontakta ho med spørsmål om alt frå smådetaljar til større ting – målet var å gjere det realistisk innanfor seriens rammer. «This isn’t Oz», som ein figur i tv-serien så fint seier det.

– Serien er sjølvsagt veldig annleis enn Oz, og det er logisk fordi – tru meg – eit «minimum security» kvinnefengsel er ein heilt anna stad enn et «high security»-fengsel. Det vil vere nokre raude trådar som er universelle når det gjeld fengselslivet, men ein snakkar om veldig ulike typar institusjonar – og ulike folk i desse institusjonane, så det er definitivt veldig annleis enn Oz, seier Kerman og ler.

Anmelding: Orange is the new black S01 E01-06: God svart dramedie frå «Weeds»-skaparen

Orange is the new black. (Foto: Netflix)
Jason Biggs speler Piper Chapmans ektemann Larry – i verkelegheita synest Kerman det var rart å sjå delar av livet sitt på skjermen. (Foto: Netflix)

Rart å sjå sitt eiget frieri på tv

I tv-serien er Piper gift med Larry Bloom (Jason Biggs), i verkelegheita er Piper Kerman er gift med skribenten Larry Smith. Ho er takksam for at dei fekk sjå serien på førehand, slik at dei var førebudd på skildringane av seg sjølv.

– Det er definitivt rart å sjå nokre av augneblikka som er veldig likt som i boka, frå livet mitt – som frieriet på stranda, når Larry Bloom frir til Piper Chapman, er veldig likt. Det er litt morosamt, eller rart.

– Men hadde du nokosinne noko form for vetomakt på hendingane i serien?

– Nei, nei, nei. Jenji Kohan treng å ha den kreative fridomen til å gjere det ho vil gjere, svarar Kerman raskt.

Ho beskriver at kryssinga av hennar liv (i tv-serien, livet til ei kvit middelklassekvinne) med dei andre sine liv var det folk fann mest interessant i boka – så ho er ikkje overraska over at det var det Kohan valde å fokusere tv-serien på.

– Jenji har sagt at det er hennar synsvinkel på strukturen i programmet, og at det er ein del av grunnen til at folk vil sjå det. Det handlar ikkje om protagonisten, men om dette samfunnet av kvinner.

– Me set mange i fengsel [i verda] – men i USA blir dei så godt som borte, og fengselssystemet er veldig skjult, med vilje. Eg trur at om Piper Chapman-figuren kan vere ein måte å få folk til å sjå og bli nysgjerrig på fengselet og kva som skjer der, så er det ein god ting.

Piper Kerman er i Noreg på Krimfestivalen i Oslo, der ho blant anna snakka meir om kvifor amerikanske fengsel er poenglause.