Me var triste her i Filmpolitiet då det lovande Ubisoft-spelet Watch Dogs, vart utsett i oktober i fjor til ubestemt dato – grunna at dei ikkje ynskja å publisere spelet før det var ferdig. I ei pressemelding i dag lova Ubisoft å avsløre lanseringsdatoen seinare i kveld, men flyktig som internett er har det sjølvsagt fått tak i tidspunktet allereie.

Watch Dogs vert lansert den 27. mai for PlayStation 4, PlayStation 3, Xbox One, Xbox 360 og PC, melder blant anna ComingSoon – noko som stemmer godt overeins med Ubisofts tidlegare fråsegn om at det skulle kome i andre kvartal av 2014.

Vårt intervju med spelets produsent, Dominic Guay, frå Gamescom i fjor.

Les også: Topp 5: Dette gleder vi oss til i 2014

Spelet handlar om Aiden Pearce, ein hacker og tidlegare tjuv, som har fått full tilgang til Chicago by sitt sentrale nettverk CtOS.

Ubisoft ser på dette spelet som ein utfordrar til Grand Theft Auto-serien, hvis siste utgiving i fjor vart det mestinntenande spelet i verda.

Hacker for livet

Denne tilgangen på infrastruktur og personopplysningar nyttar han i sin kamp mot dei som jaktar på han. Watch Dogs lovar mykje fridom, og tek seg nytte av mogelegheitene i «nestegenerasjonskonsollane».

Også i éinspelardelen av Watch Dogs kan du nemleg få besøk av medspelarar over nettet – som kan skape trøbbel for deg:

– Dei ser ut som kva som helst av dei andre sivile i byen, så du får ei kjensle av paranoia. Du veit aldri om nokon er ein datastyrt figur, eller ein anna spelar, sa Watch Dogs-produsent Dominic Guay då me snakka om spelet for eit halvår sidan.

Les sniktitt: «Watch Dogs» – kanskje det beste spillet på Gamescom

Saman med ertinga frå Ubisoft dukka det i dag ein ny trailer for spelet opp på Xbox.com som viser meir av fortida til Aiden. Det er venta at ein får sjå meir av dette rundt klokka 18.00 i kveld, norsk tid.

Er du spent på «Watch Dogs»?