Me har lurt lenge her i Filmpolitiet på når Microsoft ville lansere sin nyaste spelkonsoll, Xbox One. No er månaden klar i det minste, Microsoft skriv i ei pressemelding at den kjem til den norske marknaden i september 2014.

Nokre har venta veldig lenge på ein ny Xbox One. (AP Photo/Nam Y. Huh)
Nokre har venta veldig lenge på ein ny Xbox One. (AP Photo/Nam Y. Huh)

Les også: Xbox One kommer ikke til Norge før 2014

Dermed vil det ha gått nesten eit år sidan lanseringa i Nord-Amerika, Storbritannia og Tyskland.

Microsoft viser ikkje til noko nærare dato, men seier at det vil kome meir informasjon i slutten av april – og at den med dette vil lanserast i 26 nye land i Europa og Asia.

Mykje kritikk

Microsoft har møtt mykje kritikk etter avdukinga av maskina i fjor mai, og har gått tilbake på blant anna DRM-funksjonar og online-krav i ettertid.

Det er ikkje berre forbrukarane som har venta lenge, og byrja å importere maskina tidleg frå til dømes Tyskland. Fleire forhandlarar i Noreg har byrja å handle inn maskina for sal over disk. I den nyaste episoden av vår spelpodkast, Filmpolitiet DLC, hadde me denne veka ein diskusjon om Microsoft-konsollen.

I podkasten spekulerte me om problem med rettigheiter til sportsstrøyming kunne vere noko av årsaka til utsetjinga, kva som er på plass av tv-tenester får me nok sjå mot slutten av april.

Høyr podkast: Filmpolitiet DLC: Vi har testet Xbox One, Titanfall, Ryse, Forza 5 og flere til

Har Microsoft tjent noko på å vente såpass lenge?