Først og fremst, slapp av: Det er ikkje morsdag her i Noreg denne veka. Det er det derimot i USA den førstkomande sundag. Og fordi dei tydeleg ikkje har betre ting å nytte pengane sine på, så dunkar dei saman ein film om temaet – og dette er rein spekulasjon, men manuset til «Mother’s Day» kan tyde på at det vart gjort i siste liten, som mange morsdagsgåver generelt.

Regissør Garry Marshall (kjend for «Happy Days» på 70-talet og «Pretty Woman» på 90-talet) lagar fan-fiction av «Love Actually». Om og om igjen, sidan 2010.

Dette byrja med «Valentine’s Day», før han haldt fram med «New Year’s Eve» i 2011. På same måte som nettopp «Love Actually» handlar det om ei handfull historier om ulike menneske som på ein eller anna måte er knytt saman av eit tema – denne gongen forholdet til si mor.

Anmelding: Valentine’s Day: – En mildt sagt begredelig film som jeg hatet hvert sekund av!

Jason Sudeikis som åleinefar. (Foto: SF Norge)
Jason Sudeikis som åleinefar. (Foto: SF Norge)

Følgjer same formelen som sist

På same måte som dei to føregåande filmane er det også eit imponerande felt av større Hollywood-namn me har med oss i rollene. Julia Roberts speler barnlaus karrierekvinne og suksessrik TV-shop-vert, Jennifer Aniston speler fråskild tobarnsmor og suksessrik interiørdesigner, Kate Hudson speler dottera som flytta vekk frå heimstaden og gifta seg med sin mann av indisk opphav (til trass for mora sin skepsis til mørkhuda menneske), Jason Sudeikis speler enkemannen som mista kona si i militæroperasjonar i utlandet (Support our troops!), og så vidare.

Morsdagen nærmar seg med stormskritt. Og veit du kva? ALT GÅR BRA TIL SLUTT.

Eg reknar ikkje det overståande som ein spoiler ein gong, alle veit korleis slike filmar er skrudd saman. Av og til fungerer flettverksfilmen – som enkelte vil hevde at «Love Actually» klarte – med sjarm og varme hjå dei mange figurane, og parallellar ein kan relatere seg til.

I «Mother’s Day» druknar i staden dei mange forteljingane i mangel på olbogerom, til den grad at figurane forteljar sine motstridande hemmelegheiter omtrent når dei introduserer seg for andre folk – fordi dei ikkje har tid til det elles.

Anmelding: Love Actually: – En konfekteske der nesten alle bitene smaker like godt!

Like subtil som ein hammer

– There is a reason I’m sceptical about marriage, I’ve got abandonment issues, seier ei nybakt mor som tydeleg synest at å få eit born var eit mindre problem enn å gifte seg.

– Home is where the Marine Corps sends us, slåast det inn med ein stor plakat bak den utreiste militærmora.

Om subtilitet hadde vore ein stor hammar, hadde «Mother’s Day» vore den perfekte film. Dei fire manusforfattarane brukar figuranes indre tankar som ein internettavhengig 16-åring brukar hashtags – i stort mangfald, heile tida, og knappast utan mellomrom.

I likskap med den andelege forløparen «New Year’s Eve» er filmen pepra med produktplasseringar, heimbyen Atlanta blir også nemnd såpass mange gongar at eg mistenkjer det er noko insentivpengar frå eit offentleg turistombod her ein stad også.

Med referanserop til Marshalls tidlegare stortid, som ein salatgaffel-spøk lånt frå «Pretty Woman», blir eg desto meir trist over humoren i filmen, som stort sett treff kinolerretet som småsporv på eit panoramavindauge. Denne morsdagsbuketten har litt for mykje raskt plukka ugras.

Anmelding: Scary Movie V: – Skuffande parodiveteranar

Jennifer Aniston og Kate Hudson i «Mother's Day». (Foto: SF Norge)
Jennifer Aniston og Kate Hudson i «Mother’s Day». (Foto: SF Norge)

Det blir sikkert «Father’s Day» neste gong

Som streit kis i 20-åra har eg vanskar for å bli mor, men eg har – overraskande nok – ei mamma, så eg føler meg kapabel til å ha kjenslene rundt temaet. I jaget på å finne nokon eg kan identifisere meg med har Marshall og co. hive inn Jack Whitehall som standupkomikar og nybakt pappa.

Det er slik dei ulike figurane følast, meir som listepunkt i ei samling av representantar for mangfaldet, enn for figurar eg skal bry meg om.

Det at filmen i det heile teke visast no på norske kinoar vitnar litt om at dette er ein film ein ikkje heilt veit kva ein skal gjere med. Det ville ha vore rart å vente med den til den norske morsdagen i februar neste år, og det er nesten endå rarare å vise den i kinohøgtida på hausten, så då blei det no da – midt imellom alle superheltane.

Éi av desse historiene kunne fint ha blitt ein rørande film, men i jaget etter å ha med alle innvendingar stablast klisjeane på høgkant for å nå filmens to lange timar. Sluttpoenget er noko slikt som «med ei mor kan du fikse alt». Fedrane får vente til Garry Marshall har fått pengar til å lage ein «Father’s Day»-film.

Om FILMEN

Mother's Day
  • Mother's Day
  • Slippdato: 06.05.2016
  • Regi: Garry Marshall
  • Utgiver: SF Norge
  • Originaltittel: Mother's Day
  • Aldersgrense: Alle
  • Sjanger: Komedie, Romantikk