Ah, endeleg er Indiana J… Nathan Drake attende. Det fjerde spelet i «Uncharted»-serien opnar heidundrande i fullt jag i båt mot ei stormfull stillehavsøy, og derfrå går det slag i slag.

Det er nokre år sidan førre spel, og sidan Nathan snakka med ven og mentor Sully sist – familielivet med kjærasten Elena fristar meir for vår helt.

«Uncharted 4: A Thief’s End» sirklar rundt ein Nathan Drake som for så vidt har pensjonert seg frå skattejaktbransjen, men som luktar lunta av «one last job» når han får teften av den heilt fantastiske skatten til piraten Henry Avery – visstnok minst 400 millionar dollar.

Tipset kjem frå Drakes lenge antatt avdøde storebror, Sam, som også vert ein sentral del av historia.

Anmelding: Uncharted 3: Drake’s Deception: – Nathan Drake er vår tids Indiana Jones

Drake gets by with a little help from his frieeeends, her broren Sam og kona Elena.
Drake gets by with a little help from his frieeeends, her broren Sam.

Som på kino

Instinktivt merkar eg at eg nesten får lyst til å anmelde dette som ein film. Ikkje berre står det cinematiske i høgsetet – grafikken, animasjonen, og kjensla av Nathan Drake har aldri vore betre – dette er også blant dei strammast regisserte storspelseriane me har.

– Det er som ei berg-og-dalbane, seier Elena på eit tidspunkt, og det er akkurat det «Uncharted 4» er. På same måte som ei berg-og-dal-bane er det ikkje særleg moglegheit til å avvike frå det utviklarane i Naughty Dog har planlagd for deg.

Sporet er lagt frå start, og mellom ulike verdsdelar og grandiose set pieces blir vi ført i ein heidundrande fart gjennom ei velskriven actionhistorie, fylt av fart, spenning og store eksplosjonar.

Ved enkelte historie-crescendo følast det litt som om eg berre trykker knappekombinasjonen utviklarane vil for at eg skal sjå neste scene i den lineære historia dei har laga – men totalt sett plager det ikkje i særleg stor grad.

Les også: The Last of Us-skaperne lager Uncharted 4

Too old for this shit?

«Uncharted»-serien har alltid gått med inspirasjonsfana si høgt heva, og «A Thief’s End» er inkje unntak. Der dei tidlegare spela – ved sidan av Indiana Jones – har trekt frå det heseblesande filmar som «Die Hard», er 4-aren også meir og meir i «Dødelig Våpen»-land.

Det er eit drag av «too old for this shit» over auga til hovudpersonane, som ikkje har vore like til stades tidlegare og gir eit ekstra lag til figurar vi snart har sett i 10 år.

Spelet kan også by på ei rekkje tilbakerop til tidlegare Naughty Dog-spel. Promomaterialet hittil har allereie hatt ei rekkje referansar til ein fordums helt, som dukkar opp igjen både bokstaveleg og åndeleg talt i spelet.

Introduksjonen av Sam tilfører mykje godt til universet. Som storebror visast han fram som ein kar som nok introduserte Nathan for lysskye aktivitetar – og etter å ha blitt brått vekke for Nathan i 15 år, er han like raskt attende.

22 kapittel fører oss med stødig hand frå Drake og Sams ungdom, og fram og tilbake i tid gjennom deira livslange jakt på Averys skatt, vekslande frå hurtig til akkurat passe sakte. Dette er personleg og nært, sjølv om motivasjonane deira nok er litt ulike.

Les også: Topp 5 eventyrere: Nathan Drake har fått en plass på vår liste

Lumske vulkanar med – eller utan? – skjulte skattar oppi, har knappast sett betre ut. (Foto: Playstation)
Lumske vulkanar med – eller utan? – skjulte skattar oppi, har knappast sett betre ut. (Foto: Playstation)

Buldrekongen Drake

Men dette er ikkje berre «Drake’s Deception» med ei ny historie heller. Kontekstavhengige animasjonar, spesielt i dei mange klatreetappane og i smale holer, tilfører «A Thief’s End» eit ekstra lag realisme og godt interaksjonsdesign. Det er ikkje alltid dei to treff godt samtidig.

Utvida bruk av gripekrok og vinsj er eit anna nytt element som skapar nye idear til korleis ein kan løyse problema du måtte støyte på.

Det kan likevel verke som at utviklarane har forelska seg litt i dei same kontekstavhengige animasjonane – Nathan er kongen av buldring, men enkelte puzzleelement kan bli litt for gjentakande med tida.

Etter kvart vert det også litt for føreseieleg kva bruer som kjem til å ramle saman når du går over dei, og i eit ekstra forsøk på å slite ut Nathan oppimot slutten skruast tempoet litt for mange hakk ned samanlikna med resten av spelets veldig gode flyt.

Anmelding: Rise of the Tomb Raider: – Ingen tvil om at spillmekanikken ligner mye på Uncharted-serien

Også skurkegalleriet vert utvida, her paramilitærdronninga Nadine og rikmannen Rafe. (Foto: Playstation)
Også skurkegalleriet vert utvida, her paramilitærdronninga Nadine og rikmannen Rafe, som på kvar sin måte er ein refleksjon av Drake. (Foto: Playstation)

Spelet er glimrande inntil om lag siste femdel, når det av og til kjennest litt idétomt i utfordringane spelet kastar mot deg. Men nokre få svakheitsteikn til trass – på sitt beste er spenninga like stor som i dei førre historiene, og oppdaginga av enno eit område hittil skjult for omverda gav meg gjentekne frysningar nedover ryggen.

Spelet sluttar med eit glimt bakover, og framover – kanskje? Dei seier at Nathans historie er over no, men om eit nytt spel skulle kome, så ville det ikkje overraske meg stort om Drakes historie held fram.

Det er ikkje rart at «Uncharted» skal bli filmatisert, det einaste rare er at tek 10 år frå det første spelet til den første filmen dukkar opp – frå 2007 til 2017. Inntil då må du klare deg med fanvideoar, som denne frå norske Martin Sofiedal.

Betatesten av fleirspelarmoglegheitene er ikkje teken med i rekninga, og var heller ikkje tilgjengeleg i endeleg form i anmeldarperioden.

Uncharted 4: A Thief’s End kommer ut den 10. mai.

Om SPILLET

Uncharted 4: A Thief's End