Det første teiknet på at hausten er her, er ikkje daude lauv på bakken, det er at eit nytt Call of Duty er på plass. Me er framleis i framtida, og serien kastar oss igjen ut i ei hard svart-kvitt-konflikt der målet er å ta knekken på motstandaren så raskt og effektivt som mogleg.

Alt i alt er Call of Duty: Infinite Warfare gjenkjennbart. Til og med historie og nye mekaniske grep kjennest ut som dei har blitt gjort før. Men dårleg er det ikkje.

Først, fleirspelardelen.

Les også: Dei 5 mest interessante tinga Sony gjorde på E3 2016

Eit velskrudd maskineri

Rørslene dine er i stor grad basert på det futuristiske Black Ops 3 frå i fjor og Advanced Warfare frå forfjor, og vil vere lett å hoppe inn i for fanbasen. Det er eit velskrudd maskineri, som no får fleire kart og eit utvalg nye våpen å bryne seg på.

Spelet byrjer med tre av seks grunnklassar i form av drakter – ein allrounder Warfighter, ein robotaktig rask Synaptic, og Merc, ein koloss med tunge våpen og skjold. «Pick Ten»-systemet, der verktøya du har med deg i kamp maks kan ta 10 poeng, er med frå Black Ops 3, og fungerar godt som tillegg.

Våpen, drakter og betre eigenskaper kan fåast i pakkar du låser opp gjennom spel, byggast frå «skrapmetall» ein plukker opp, eller – kritikkverdig nok – kjøpast med mikrotransaksjonar.

I større grad enn tidlegare får vi våpen med dobbeltfunksjonar – som eit maskingevær som blir til to maskinpistolar, eller ei snikskyttarrifle som kan gjerast om til eit automatgevær med eit tastetrykk.

Spelmelding: Call of Duty: Black Ops 3: – Konsollskytespillenes moderskip hviler trygt på skytefølelsen

Call of Duty: Infinite Warfare. (Foto: Activision)
På første nivå byrjer du med beskjedent utstyr, men etter kvart får du betre og betre utstyr – anten med erfaring… eller pengar.

Neonlysande 80-talshorror som sideprosjekt

For meg, som ikkje er så innkøyrd i Call of Duty-franchisens meta, er fleirspelaren litt ugjennomtrengeleg – godt hjulpe av ein fanbase som er såpass stor at fleirspelardelen – artig nok – ikkje vere lett tilgjengeleg for alle. Det er rett nok ikkje på League of Legends-nivå. Mogleg eg berre treng fleire vener som speler serien meir aktivt.

Det kan eg til dømes gjere i Zombie-modusen. Dette er underhaldande leik du kan samarbeide med vener eller andre over internett, med sterke trekk frå både Left 4 Dead-serien og Far Cry: Blood Dragon, og eit visst hint av Cabin in the Woods.

Fråskild resten av historia – denne gongen i det herleg 80-talske «Zombies in Spaceland» – tek vi del i neon-terrorleiken til ein John Waters-aktig skrekkfilmregissør, der du skal halde deg og kompanjongane i live så lenge du kan i stadige strøymer av retroparty-kledde zombiar.

Les også: 32 millioner spilled League of Legends hver måned

Call of Duty: Infinite Warfare. (Foto: Activision)
Call of Duty: Infinite Warfare. (Foto: Activision)

Jon Snow på terrortokt

Enkeltspelardelen er som ei kombinasjon av eit spøkelseshus og ei berg-og-dalbane. Du er Nick Reyes, spesialsoldat i jordas forsvarsstyrke, som etter eit snikangrep må ta over kommandoen på Retribution, eit av romflåtens største hangarskip. Terroristane viser seg å vere separatistutbrytarar frå kolonien på Mars, leia av Admiral Kotch (ein sint, militaristisk og flat Kit Harington, best kjend som Jon Snow i Game of Thrones), vil utslette heile jordas befolkning – av litt vage, udefinerte årsakar.

Sjølv om det er litt rart at den øvstkommanderande på eit av jordas flaggskip samtidig er dens primære fotsoldat, så må me vel kunne svelge nokre kamelar for å få nok action i liva våre.

Spenningskurva i historia skrapar pannebrasken i taket heile vegen, og tek i starten sjeldan nok tid til å puste. Fordi alt er like spenningsfylt, ender det meste opp med å vere like lite spennande heile vegen.

Frå basen på Retribution velgjer du i kva rekkjefølgje du gjer oppdraga, utan at sekvensen har noko å seie på historia ellers. Nokre oppdrag er i korridorar, nokre er frå romskipet ditt, og nokre er i nullgravitasjon – hovudsakleg som pene kulissar langs vegen til slutten.

Eit par blinkskot er det innimellom, spesielt eit oppdrag som foregår på ein roterande asteroide altfor nære sola, og etter kvart som historia nærmar seg slutten tek rytma i historia seg opp.

Spelmelding: Call of Duty: Advanced Warfare: – Futuristisk krigsmaskineri

Call of Duty: Infinite Warfare. (Foto: Activision)
Lenge leve kapteinen… og forresten, du må ut til fronten og knerte Mars-terroristar.

Pent, men hult

Etter spelet er installert går det heile så godt som utan (synlege) loadingskjermar, og det er høg produksjonsverdi på alt frå ansikt til robotmodellar til våpen og omgivnader. Litt tomt og overfladisk blir det likevel. Figurane som er med deg på skipet er også interessant skrive, sjølv om plottet ikkje gir dei mykje å jobbe på skinnene innimellom skytefesten.

Kanskje kjennest det ekstra hardt veka etter Titanfall 2, men i eit år med mange godt gjennomførte historier i éinspelarkampanjer er det litt keisamt at denne delen av spelet kjennest så hult. Advanced Warfare frå Sledgehammer Games regjerar framleis her blant dei siste åras Call of Duty-spel.

Men her ligg òg ulempa med å måtte gi ut eit spel som skal vere gjenkjenneleg for grunnfansen, men samtidig ynskje å tilby noko nytt. Utan å ta vekk noko fullstendig vil det vere vanskeleg å legge til nye mekaniske vriar som ikkje påverkar grunnspelet såpass mykje at det bryt opp spelet for fleirspelargjengen – spesielt når det kjem eitt fullprisspel i året.

Spelmelding: Titanfall 2: – Meir tiltrengt personlegdom

Call of Duty: Infinite Warfare. (Foto: Activision)
Boom with a view.

Fleirspelardelen bêr byrden

Utviklarane i Infinity Ward har kasta inn mange funksjonar, men har ikkje fullført potensiale til mange av dei. Ja, du kan springe på veggar som i Titanfall, men bretta er ikkje designa for at dette skal skine (med unntak av nokre fleirspelarbrett). Ja, det er eit slags nemesis-system som i Shadow of Mordor, men det er ein overfladisk kortstokk og verkar heilt tilfeldig. Ja, det er firespelars zombiebølgjeforsvar som i Left 4 Dead. Og så vidare.

Fleirspelardelen bêr mesteparten av byrden i Call of Duty: Infinite Warfare, og kjem til å bli jamnleg oppdatert framover. Eg ville ikkje ha kjøpt spelet kun for éinspelardelen, og sjølv om zombieprosjektet er ei artig ablegøye bør det utvidast raskt for å sikre stayerevne fram til neste års Call of Duty.

Det dukkar naturleg nok opp neste gong lauva byrjer å falle av trea.

Samtidig med Infinite Warfare kjem også ein gjenoppbygd versjon av 2008-klassikaren Call of Duty 4: Modern Warfare, som med introduksjonen av killstreaks og perks la grunnlaget for spelseriens suksess. Dette kan inntil vidare kun fåast ved å kjøpe dei utvida versjonane av Call of Duty: Infinite Warfare. Modern Warfare er her ikkje anmeldt som ein del av Infinite Warfare.

Om SPILLET

Call of Duty: Infinite Warfare