Skytespel har fått litt kjeft dei siste åra – mykje av det utfortjent, noko fortjent – for å vere for likt tidlegare versjonar, og kvarandre. Det var noko av dette det første Titanfall hadde som mål å rokke litt ved.

Ja, det er eit førstepersons skytespel med ulike variantar av våpen, og ja, det er bygd rundt ein fleirspelar med ulike modusar der målet er å ta knekken på dine motspelarar. Men det hadde nokre trekk som skilte frå andre FPS-spel.

Fremst av alt Titans – dei store pilotstyrte robotane som dukka opp med jamne mellomrom for å vere panserkolossar og bryte opp den raske banekampen – men òg det gode grepet med å late spelarane nytte høgda og veggar like effektiv som bakken, sci-fi-kamp går i meir enn to dimensjonar!

No er oppfølgjaren her, og den har teke med seg ei overraskande effektiv og veldesigna enkeltspelarkampanje i miksen, som tilfører det første spelet ei heilt ok historie – men ikkje minst meir tiltrengt personlegdom.

Titanfall 2 (Foto: Andreas H. Opsvik)
Etter kvart i spelet kjem du nærare på jarnkjempen BT – og du går gradene frå å bli kalla «pilot» til å bli kalla «Jack». (Foto: Andreas H. Opsvik)

Fyll inn hovudperson her

Enkeltspelarhistoria plasserar deg i rolla som den generiske Jack Cooper, ein infanterist som må ta over mentor kaptein Lastimosa sin Titan – BT-7274 – idet han døyr i eit angrep frå den IMC-støtta Titan-leigemordargruppa Apex Predators.

Forholdet mellom moroklumpen Jack og stålansiktet BT er sentralt gjennom heile historia – robotar forstår visst ikkje metaforar, eit gjentakande humoristisk grep – etter kvart som dei skal lære kvarandre å kjenne, framfor eit bakteppe som er ei ganske standard sci-fi-actionhistorie.

Ditt lag er dei snille Frontier Militia som skal forsvare eit planetsamarbeid mot det slemme korporative IMC, som viser seg å ha eit hemmeleg supervåpen under konstruksjon for å sprenge ein planet. Alt i alt litt Star Wars-aktig.

Som Cooper viser du ei naturgitt evne til å skli, hoppe, skyte og springe på veggane etter ei rask opplæring i pilotdrakta. Gjennom spelet plukkar du òg opp fleire evner som BT kan ta seg nytte av, ulike utvalg av våpen og eigenskaper som passar til ulike typar kamp.

Spelmelding: Titanfall: – Et velsmurt maskineri

Titanfall 2 (Foto: Andreas H. Opsvik)
Du byrjar spelet med eitt generelt utvalg av våpen, men får etter kvart ulike spesialiseringar. (Foto: Andreas H. Opsvik)

Fantastiske omgivnader

Det er ei god rytme gjennom heile løpet, som tek deg frå strekker utan panserrobot, til kampar og dialogar og kamp parallelt med BT, til område der det beste er å setje seg til rette og bli verdas fremste våpenmaskin. Det er eit stort spenn i både stemning og action – frå tett og klaustrofobisk til vidopen panser-mot-panser-krig, i ein god historieflyt.

Det heile er styrka av fantastisk banedesign i til tider heilt ville situasjonar – frå industriurverk og urban neonframtid, til frydefulle hustak og tett jungel. Det er nesten Portalske puslespel til tider, spesielt i ei fantastisk bane der du blinkar fram og tilbake i tid på laboratorium i henholdsvis rasert og aktiv tilstand – medan andre er gigantiske set pieces med dynamisk forandrande område som tek seg nytte av rørslefridomen til figuren din.

Enkeltspelarkampanja tek til og med på seg oppdraget å forklare kvifor fleirspelarkampanjene er som dei er – om enn berre i ein rask augneblink.

Eg gjennomførte spelet på «Regular» vanskelegheitsgrad, men gjenspelte fleire av bretta på dei andre valga. Dess vanskelegare, dess meir avhengig er du av å benytte deg av veggane. Spelet likar å minne deg på at eit bevegeleg mål er eit kinkig mål – og du er aldri raskare enn når du hoppar mellom to veggar og angrip frå høgda.

Slik sett er det kanskje på dei to vanskelegaste hakka at Titanfall 2 er seg sjølv mest.

Les også: Fra 2011: Topp 5: FPS

Titanfall 2 (Foto: Andreas H. Opsvik)
Gimmicken er kun tilstades på det éine brettet, men for eit brett det er! (Foto: Andreas H. Opsvik)

Utvida fleirspelar

Fleirspelaren har store og gode kart, om enn betrakteleg meir statiske og – naturleg nok – mindre prega rundt ein gimmick eller sentral mekanikk.

Det er litt synd at dei fleire tonn tunge monstrositetane ikkje kan påverke miljøa dynamisk i større grad, verken i enkel- eller fleirspelar. Sjølv om det hadde vore interessant å kunne springe ned betongveggar og liknande er det vel for å forhindre sabotasje av parkour-eigenskapene til pilotane.

Den største skilnaden er kanskje at Titans ikkje lenger startar med sine livsforlengande skjold, men i staden får det frå batteripakker som ein kan nappe ut av motstandarane sine Titans i ein rodeo-aktig leik mellom metallkoloss og akrobatisk menneske.

Det oppfordrar til endå nærare kamp mellom mann og maskin, og er spesielt viktig i dei meir panser-fokuserte spelmodusane, men gjer også til at det å få ein Titan ikkje alltid er det viktigaste målet i spelet.

Data-spelarar vert framleis spreidd rundtom på kartet og er framleis ikkje den skarpaste kniven i loffen, godt hjulpe fram av at menneska er tilsvarande smartare. Dei første timane mot aktivt veggløpande menneskelege spelarar er harde og tøffe, og sjølv med nokre levels i banken og etter kvart utvida våpenmoglegheiter er eg ikkje på høgde med dei spelet matchar meg opp mot. Det er mogleg at timane med Overwatch har gjort meg litt bortskjemt.

Spelmelding: Overwatch: – Blankpolert kaos

Titanfall 2 (Foto: Andreas H. Opsvik)
I multiplayer kan du tilpasse ulike soldatar og Titans etter eiget ynskje – både farge- og våpenmessig. Fleire valg blir låst opp etter kvart som du stig i gradene. (Foto: Andreas H. Opsvik)

Hard marknad

I ei særs polert pakke med glimrande lyd- og gameplay-design er Titanfall 2 verdig sitt høge budsjett. Mogleg har Respawn Entertainment gjort ein tabbe når dei lanserar spelet midt i den tjukkaste tåka av FPS-spel på lenge.

Sjølv med personlegdom og godt speldesign kan eit revitalisert Battlefield 1 for ein knapp månad sidan, samt eit Call of Duty: Infinite War seinare denne veka vere ein tung marknad å dyppe tærne i.

Som lokkemiddel lovar Respawn at absolutt alle kart og tillegg til Titanfall 2 skal vere gratis. Håpet får vere at personlegdommen slår sterkare gjennom denne gongen med ein god enkeltspelar i tillegg, men det blir tøft.

Dei som likte Titanfall vil finne glede i ei utvida spelbar verd, og fleire nye gode tilskot til fleirspelaropplevinga. Dei som har sansen for FPS-spel med høg fart og rask reaksjonsevne har det her. Og sjølv med sterk konkurranse skal ingen seie at Titanfall 2 ikkje har sjel.

Om SPILLET

Titanfall 2