Som i ein slags endeleg manifestasjon av barnehageleiken «Kven trur du hadde vunne i ein kamp mellom ein samurai… og… og… og… ein viking!?» står For Honor fjellstøtt.

Grunnpremisset er som følgjer: Middelalderslott, japanske føydalpalass og nordiske vikinglandsbyar – med tilhøyrande krigarar i ulike variantar – er riven laus frå verkelegheita, og plassert i sin eigen leikeplass. Eit frittståande univers der krigarane er dømde til å slåst, vakne opp igjen, slåst, og vakne opp igjen til evig tid, i kamp om landsområde og for eiga ære.

Du speler ikkje kanonfødet her, du speler sagaheltane. Vel blant 12 stykk som fyller ulike roller – fire på kvart lag. Eg går ikkje i djupna på alle her, men både vikingane, samuraiane og riddarane har både enkle overall-heltar og spesialiserte ekspert-heltar.

Sjølv fokuserte eg – av genetiske årsaker, kanskje – mest på vikingsida, og la min elsk på Warlord-figuren, ei spelarvenleg klippe på slagmarka.

Spelmelding: Dark Souls III: – Et spill man elsker å hate

Svak historie, god fleirspelar

Dette er absolutt tenkt som eit fleirspelarspel, men du finn også ein historiemodus. Med lettvinte metodar utvidar ei sjølvhøgtidleg historie eit sjølvhøgtideleg univers medan du gjer oppdrag som pensar innom alle klassane i spelet.

I beste fall er det nyttig som ein måte å lære seg kampsystemet på, og ein måte å tene lommepengar til spelets mikrotransaksjonar (les: kjøpe seg ein kulare hatt).

Kanskje hadde det vore like greitt å gå for éin av dei to måtane Titanfall løyste det på – anten utan historie i det heile teke, eller med ei komprimert og særs idérik forteljing. Dette er tråkla saman med lakrissnøre. Du kan fint velje å møte god samansnikra kunstige intelligensar i spelets fleirspelarmodusar – men om du er allergisk mot fleirspelarspel er kanskje ikkje For Honor historia for deg.

Ubisoft har dei siste åra lagt pengar i fokuserte fleirspelaropplevingar i radikalt ulike variantar. Frå den frittflytande ekstremsporten i Steep, til den trykkande postapokalypsen i The Division, og innom lagtaktikk i Rainbow Six er tida no komen til nærkamp.

Les også: Dei 5 mest spennande tinga Ubisoft viste fram på E3 2016

For Honor. (Foto: Ubisoft)
Ei litt laber historie til trass – nokre cinematiske bileter har historiemodusen i det minste. Og ja, dette spelet har 18-årsgrense. (Foto: Ubisoft)

Glitrande kampsystem som grunnstein

Og det er nærkampen som er sjølve grunnsteinen i spelet. «The Art of Battle» kallar Ubisoft det, eit system som i utgangspunktet deler alt i tre stillingar – høgre, venstre og opp. Alle angrep og forsvar er innanfor desse retningane, og det utgjer ei overraskande enkel ramme for noko som så utvidast med blokkering, paradar, motangrep, griping, kasting, og så vidare.

For Honor. (Foto: Ubisoft)
Skjoldet i midten viser «Art of Battle» – dei tre retningane som styrer alt av kamp i spelet. (Foto: Ubisoft)

Det er kanskje i dei store slaga i Dominion-modusen at spelet har marknadsført seg, men det er i kampmodusane 1 mot 1, 2 mot 2 og tidvis 4 mot 4 at spelet – og kampsystemet – skin.

Spesielt duellar mellom to heltar som må føle kvarandre på tennene før dei set i gang med kampen er glitrande – og når du først får taket på ein figur eller to og lærer deg motstandarane å kjenne blir For Honor ein oppslukande dans. Meir enn éin gong har eg – anten eg tapte eller vann – innsett etterpå at det kanskje er lurt å hugse å puste litt også.

Sjølv om For Honor kan sjå ut som eit standard tredjepersons actionspel liknar det mekanisk meir på eit slåssespel – kvar figur har sine kombinasjonar og trekk som gjer kampane meir effektive. Det heile forklarast godt til spelaren, sjølv om det i dei mest hektiske massekampane kan bli litt vél mykje informasjon samtidig.

Spelmelding: Nioh: – Mestringsfølelsen venter på deg

For Honor. (Foto: Ubisoft)
Eit kart som viser gangen i kampane mellom dei tre faksjonane kjennest mest påklistra i etterkant. (Foto: Ubisoft)

Eit middelmåtig skal

Om du vel deg ein favoritt blant vikingane, samuraiane, og riddarane – frykt ikkje, du kan framleis spele kva figur du vil og vere på lag med kven du vil, men om du vinn kan du støtte ditt crew i ein pågåande trenasjonars krig i dette lausrivne universet.

For Honor. (Foto: Ubisoft)
Heltane ser kule ut, det skulle berre mangle når eg har brukt tusenvis av «Steel» på dei. (Foto: Ubisoft)

I det heile teke kunne spelet godt ha rydda i alt som ikkje er sjølve nærkampen. Karta er pene, men skil seg ikkje frå kvarandre på noko særleg måte – alle har tre hovudområde, og ulike punkt der du kan sparke motstandaren utfor ein kant. Brukargrensesnittet utanfor kampane er overbefolka og uryddig, og krigskartsystemet følast påklistra.

Men hattane ser kule ut da.

Til slutt vert For Honor ein glitrande grunnmekanikk omgitt av eit middelmåtig Ubisoft-skal. Men når du først er i kamp er det verkeleg bra, og så lenge det automatiske matchmakingsystemet skruast litt meir på enn det har vore den første veka, så kan du kanskje vente deg jamnare kampar i tida som kjem også.

Svaret på utgangspunktet er for øvrig vikingar. Det er alltid vikingar som vinn.

For Honor vart testa på Playstation 4.

Om SPILLET

For Honor

  • PS4.no

    Nok en anmeldelse uten tekniske detaljer:
    PVP i 30 FPS (PS4) trekker ned.
    Ikke dedikerte servere på spillet. (ref Rainbow 6 Sige som fortsatt sliter i år 2 )

    Karakteren virker fornuftig.

    NB:
    Nioh er forventes å få egen PVP i senere oppdatering.

    • Maggotbrain

      30 FPS er faen meg en vits i spill nå når vi nå snakker om 2017……….

      • PS4.no

        Mitt poeng er at en anmeldelse må inneholde tekniske fakta om hva spillet skal prestere.
        Får godta at en PS4 ikke klarer mer enn 30FPS i en stor åpen verden.
        I PVP er det helt avgjørende at det er 60FPS,her kan en sammenligne For Honor med COD,Overwatch og BF1 som presterer godt.

        • Maggotbrain

          jeg nekter å godta at Playstation 4 fortsatt kjører med 30FPS på de fleste spill. Til og med Ratchet & Clank var de frekke nok til å gi ut en remastra versjon av med 30FPS mens orginalen faktisk var 60…

          • PS4.no

            Som på Nioh og The last og us bør det være:
            1080/60fps
            4k/30fps
            Får bare godta at 4K på en konsoll til 4000kr ikke klarer det en PC til 40.000ish gjør