Uncharted sitt femte spel i serien trekk fram Chloe og Nadine – tidlegare bifigurar kvar for seg, no eventyrarar med eit gryande venskap – som kjemper seg gjennom jungelen, denne gongen utan hovudpersonen Nathan Drake som har stått for dei fire heseblesande historiene så langt.

Det er umogleg å lausrive Uncharted-eventyra frå den openbare åndelege forfaren Indiana Jones, og også utan Drake-familien i sentrum er det mykje som liknar Harrison Fords velkjende figur:

  • Ein vittig, smart og slagkraftig hovudperson ✅
  • Ting som høyrer heime på eit museum ✅
  • Gamle mekanisk kompliserte feller ✅
  • Rykte om ein heilt fantastisk skatt ✅
  • Ingen kjære mor ✅
  • Derimot eit anstrengt forhold til sin kjære far ✅

Magien er bygd over den same motoren som Uncharted 4: A Thief’s End, og som Chloe tek du fleire steg langs den same stien med vakkert skildra jungellandskap, realistiske kontekstanimasjonar, og godt interaksjonsdesign. Teknisk sett er det nydeleg: Uncharted: The Lost Legacy er blant dei mest fargefylte og best detaljerte fjørene i Playstation 4 si pryddrakt, og det sjølv om eg ikkje spelte det på ein PS4 Pro.

Spelmelding: Uncharted 4: A Thief’s End: Buldrekongen Nathan Drake er attende!

Uncharted: The Lost Legacy. (Foto: Naughty Dog)
Uncharted: The Lost Legacy. (Foto: Naughty Dog)

I enkeltspelarmodusen har spelskaparane i Naughty Dog teke éin dal i den indiske jungelen og bygd heile spelet rundt den – som ein utvida versjon av Madagaskar-delen frå Uncharted 4. I staden for det nesten aggressivt lineære dei har gjort før, velgjer du rekkjefølgja blant tre oppdrag før du set i gang med den siste jakta, ispeidd eit valgfritt samleoppdrag ved sidan av.

Sjølv om Naughty Dog løsnar litt på tømmene, er du framleis hardt styrt av det spelet vil du skal oppleve. Misforstå meg rett, i jakta på guden Ganesh si støyttann dumpar Uncharted: The Lost Legacy meg ned i enormt effektive actionscener, rørande samtaler som overraskar, og når ein ved fleire høve dytter bregnene til side og ser utover ein våg som ingen har visst om, så gir spelet meg frysningar. Men så godt som alle verkemidla er cinematiske – trekt fram frå filmen si verd – det er få ting her som ikkje hadde fungert like godt utan mine interaksjonar.

Fleirspelardelen er i stor grad den same som den tausvingande våpenactionen frå Uncharted 4, utvida med ein samarbeidsmodus (som også kjem som ei eiga oppdatering til Uncharted 4). Det kjem som eit positivt tillegg til spelet, men er ikkje verdt å kjøpe The Lost Legacy for åleine. Det er enkeltspelarhistoria dei fleste vil vere her for.

For det er jo dette som er Uncharted si greie, du må gjerne spele Uncharted 2: Among Thieves igjen på den koselege relanserte trilogipakka som kom i fjor – eller du kan berre sjå tretimarsversjonen som er klippa saman av cut scenes, «walk and talks» og litt action på Youtube. Det er nesten like bra.

Spelmelding: Crash Bandicoot N. Sane Trilogy: Snadder for nostalgikeren

Uncharted: The Lost Legacy. (Foto: Naughty Dog)
Chloe ser ikkje vanlegvis slik ut, men «The Lost Legacy» har ein ganske artig fotomodus der ein blant anna kan aktivere ulike ansiktsuttrykk. (Foto: Andreas H.O.)

Som Uncharted-serien ellers ligg det mykje god underhaldning i ein god skurk, og sjølv om krigsherren Asav kanskje kunne ha fått ein dimensjon eller to til, så er han ei nysgjerrig og drivande kraft heile vegen fram til den eksplosive sluttscena.

Då er samtalane mellom Chloe og Nadine – som på kvar sin måte går i fotspora til sine fedre – meir interessante. Undervegs i eventyret kjem me litt nærare på desse to tidlegare bifigurane, og lærer dei å kjenne, og litt om både kvifor Chloe til no har vore så flyktig, og kvifor Nadine til no har vore så standhaftig.

Når rulleteksten startar er eg særs nøgd med eventyret eg har vore gjennom, og sjølv om eg kjenner meg styrt, er eg styrt gjennom ei god historie. Likevel, sjølv om Naughty Dog har funne formelen sin har den kanskje nådd sitt potensial med desse to siste spela – eg håper dei tør å utvide det mekaniske, og trekke inn fleire verkemiddel utanfor filmens verktøykasse.

Om SPILLET

Uncharted: The Lost Legacy

  • Chriss Are Farsund

    God anmeldelse og jeg er mer eller mindre veldig enig.

    De velger gjenbruk av et par scener og sekvenser som trekker litt ned, men til gjengjeld har de her funnet en bedre balanse mellom klatring og skyting. Og det er langt, langt færre skråninger du skal skli ned her. Det var en skikkelig irriterende «nyvinning» i nr. 4.

    Jeg likte dialogen mellom karrakterene. Historien var ok. Omgivelsene var som alltid spektakulære.