Forventningane var store til lanseringa av Snømannen. Men det var før kritikarane fekk sagt sitt. Filmen som er basert på ei norsk bok, og spelt inn i Noreg har mildt sagt fått gjennomgå.

LES OGSÅ: «Snømannen» får blandet mottagelse i Sverige

Før både norske og internasjonale medier kom med sine kritikkar fekk Filmpolitiet intervjue regissør og skodespelarar. Dei var alle enige om at det er mange utfordringar rundt det å lage film basert på ei bok.

– Det er sjeldan folk seier at filmen er betre enn boka, seier Michael Fassbender, som speler Harry Hole i filmen, før han legg til:

– Her handlar det om folk sin personlege fantasi. Det er vanskeleg å toppe bileta og følelsane folk har skapt i sitt eige hovud.

Viktig å filme i Noreg

– Eg er veldig nøgd med filmen, seier regissør Thomas Alfredson.

Han er også budd på at filmen vil bli samanlikna med boka, men innrømmer at han ikkje er heilt enig i den samalikninga.

– Det er som å samanlikne eit måla bilete med ei grammofonplate. Det er to heilt forskjellige uttrykksformer.

LES OGSÅ: Anmeldere gir «Snømannen» hard medfart

Alfredson fortel at den opphavlege planen var å spele inn filmen i Chicago og Detroit. Regissøren er letta over at det ikkje blei slik.

– Eg forstod verkeleg ikkje kvifor dei skulle spele inn ein film som handlar så veldig mykje om Oslo og Noreg, i USA.

Michael Fassbender er enig med regissøren i valet av innspelingsland.

– Noreg var veldig annleis frå andre land eg har jobba i. Me leita etter ein spesiell type vêr, og spesiell type stad og stemning, og det fekk me der. På toppen av det heile fekk eg gått på ski for første gong! Det var artig.

Michael Fassbender speler Harry Hole i Snømannen. (Foto: United International Pictures).

Blir det fleire filmar?

Den svenske regissøren legg ikkje skjul på at han er open for å lage fleire filmar i serien, dersom det blir aktuelt.

– Eg trur det kjem til å gå bra, og at folk kjem til å ha lyst til å sjå fleire filmar, seier han.

Det kan også Fassbender støtte:

– Eg elskar å spele denne karakteren! Eg likar Harry Hole veldig godt og er gjerne med på ein film til!

LES OGSÅ: – Ikke min Harry Hole

Ifølgje den amerikanske skodespelaren har filmen dei klassiske ingrediensane som ein slik film skal ha.

– Og den har ein seriemordar! Folk elskar seriemordarar.

Etter overveldande dårleg kritikk mot filmen er spørsmålet no om me nokon sinne vil få sjå fleire filmar om Harry Hole.

HØYR OGSÅ: Snømannen-spesialpodkast

  • MrTerje

    I dag på Bergen kino: 13 saler så og si utsolgt med terningkast 2-filmen Snømannen
    Sist fredag på Bergen kino: 7 saler ikke utsolgt med terningkast 6-filmen Blade Runner

    Skulle ønske folk tok litt flere sjanser i kinovalgene sine. Blade Runner fortjener hver eneste billett de kan selge, det samme kan jeg ikke si om Snømannen.

    • Crisp

      Så enig at jeg kunne skrike det ut! Men, nå har da aldri folkelig smak vært ensbetydende med kvalitet alltid dessverre… Folk er alt for redd for det ukjente og slik ja..

  • Peder Nilssen

    Elendig film, anbefales ikke.