Det er noko augeblikkeleg gripande med PlayerUnknown’s Battlegrounds. Det kastar deg rett inn i action saman med hundre andre spelarar, som alle saman kjempar frenetisk for å finne seg utstyr og å bli den som står igjen til sist. Alle startar med like kår, og alle har lik sjanse til å vinne.

Konseptet er inspirert av boka Battle Royale, frå den japanske forfattaren Koushun Takami. Battle Royale har blitt ein sjanger i seg sjølv, som seinare har resultert i titals ulike spel, og blant anna Hunger Games-bøkene.

Spelindustrien har blitt noko metta på Battle Royale i det siste, men PlayerUnknown’s Battlegrounds tar eit monaleg steg fram når det kjem til kvaliteten på opplevinga – noko dei 25 millionar selde eksemplara illustrerer godt.

Spelet har vore i Early Access sidan mars, og kjem no endeleg offisielt ut på PC.

Les også: Dette er årets beste spill!

C-130 Hercules-flyet har blitt ein slags maskot for PlayerUnknown’s Battlegrounds. (Foto: PUBG Corporation).

Best med gode vener

Du byrjar med å lande på eit 8×8 kilometer stort kart. Etter ei lita stund kjem ein elektrisk sirkel frå utkanten av brettet, som sakte men sikkert gjer skade på dei som er utfor, og pressar deg og fiendane dine inn mot midten. Då er det berre å pepre ned så mange du klarar for å ta sigeren, eller snike deg rundt på kartet utan å bli oppdaga.

Dei ulike spelmodusane lar deg enten spele aleine, saman med ein lagkamerat, eller med tre andre. Det er mest underhaldande viss du har med deg nokre gode vener på Discord, men sjølv aleine byr PlayerUnknown’s Battlegrounds på ein heseblesande skytefest av dimensjonar.

I det du høyrer den kvinande vinden mens du hoppar frå flyet, må du ta eit viktig val. Droppar du i eit avsidesliggande område for å få tid til å leite etter utstyr i fred, eller styrer du ned til storbyen for å kjempe til deg dei beste våpena og skotsikre vestane?

Dess høgare risiko du tar, dess fleire moglegheiter får du.

Anmelding: «Star Wars Battlefront II» – Ødelagt av loot boxes.

Bruk spelestilen som passar deg best

Spelet lar deg finne den spelestilen som du syns er mest morosam, og er mest komfortabel med. Det er heile tida avgjerder å ta. Litt uflaks må du kanskje rekne med her og der, men til sjuande og sist er det opp til deg kva som skjer.

Sjølv dei gongane eg døyr, veit eg inst inne at eg kunne ha gjort noko annleis. Det høyrer til unntaka at eg stryk med på grunn av ein feil i spelet.

Eg blir sjølvsagt sint uansett kva som er årsaka, men ofte var det ei betre løysing, eit anna val å ta. Balansen mellom å spele aggressivt, og det å vere tolmodig, er kjernen i korleis ein forbetrar seg. Det er godt speldesign. Verktøya for å bli betre, ligg for det meste hos deg sjølv.

Dessverre er nokre av unntaka litt for store til å ignorere. Dei av oss som føretrekkjer å bruke tida på å aktivt jakte etter fiendar, får nokre særs keisame rundar i ny og ne. Det er dei gongane der du landar milevis vekke frå fiendar – sjølv om du droppar i byrjinga –, og brukar all tida di på å springe. Rein dødtid, med andre ord.

Tar du risikoen med å finne ein flykasse, kan du få det beste utstyret i spelet.
(Foto: PUBG Corporation).

Elsk-hat-forhold på høgt nivå

PlayerUnknown’s Battlegrounds er spelet eg hatar inderleg, men samstundes ikkje klarar å legge frå meg. Det er sabla moro, på same tid som det er ekstremt frustrerande. Du har alle dei små irritasjonsmomenta som kan få deg til å knuse skjermen i sinne, og du har augeblikka der du trillar rundt på golvet i latter etter at lagkameraten din har køyrt over seg sjølv med sin eigen bil. Du har stilige actionsekvensar der du blir angripen av fiendar frå alle kantar, og du har dei raserifremmande augeblikka der du blir skoten i ryggen av ein som har satt opp campingteltet bak eit hjørne – som du tilfeldigvis spring forbi.

Berre det å stå igjen som den siste på kartet, er ekstremt tilfredsstillande. Du veit at det å gjere eit ørlite feilsteg kan ende med at du blir sendt rett tilbake til start. Har du ikkje lagkameratane dine med deg, er det ingen veg tilbake viss du først døyr. Det er ingen «respawn»-mekanisme som i Call of Duty. Innsatsen er høg, og risikoen deretter gjer det endå kjekkare å kjenne at du får det til.

I løpet av nokre timar med spelet kan du vere sikker på at du får oppleve begge endar av spektrumet mellom frustrasjon og glede – og alt i mellom.

Du trekkjer ut fallskjermen, og styrar figuren din forsiktig ned på taket av ein rustraud container. Det glitrar i eit kikkertsikte til høgre for deg. Yes! tenkjer du, og plukkar opp Kar98K-rifla. Med det same skimtar du ein fiende i sidesynet ditt, som plasserer ei haglepatron midt i trynet ditt. På femti meter. Du døyr sjølvsagt av det eine skotet.

PlayerUnknown’s Battlegrounds er ein emosjonell berg- og dalbane av dimensjonar, som alltid gir og tar. Du har oppturar – og du har nedturar. Det er dette eg elskar, og på same tid hatar med spelet.

Anmelding: «Call of Duty: WWII» – Spektakulære actionsekvenser i et ellers middelmådig actionspill.

PlayerUnknown’s Battlegrounds lar deg prøve ørkenkartet Miramar til jul. (Foto: PUBG Corporation).

Store endringar frå Early Access-perioden

Dei som ønskja seg nytt Battlegrounds-kart til jul, fekk jaggu meg ein pakke under treet i år. Det er særs sjeldan at Early Access-spel får sleppdato same år som dei kjem, men folka bak spelet har imponert oss med ein kjapp utviklingsperiode.

Det nye kartet, Miramar, tar oss med til eit ørkenområde, som verkar vesentleg større enn grunnkartet Erangel, då det er langt mindre vatn. Byane er meir tettpakka med store bygningar, som kombinert med dei nye klatremekanismane i spelet, opnar for endå fleire spelestilar.

Spelet har fått ein heilt annan rytme med dei nye oppdateringane. Dei som spelar passivt i bygningar blir fort straffa av fiendar som hoppar inn gjennom vindauga, noko eg merka spesielt godt på Erangel. Husa på kartet er stappfulle av potensielle inngangar for dei som er litt oppfinnsame.

Endeleg slutt på elendig biletefrekvens

Det nye kartet er berre ein av ei rekkje nyvinningar som kjem til jul. Utviklarane har gått i gang med ein heltemodig innsats for å takle dei omfattande optimaliseringsproblema til spelet, med stor suksess. Spelet flyt langt betre enn før, og krasjing har blitt mindre hyppig. Litt trøbbel er det enno, men forskjellen frå berre nokre månadar sidan er som natt og dag.

Det har kome fem nye våpen, ein funksjon for videoopptak, og fleire ulike køyretøy å leike med. Heldigvis har dei òg tatt tak i bilkøyringa, som har vore notorisk dårleg i spelet fram til no. Tidlegare kunne du risikere at bilen din eksploderte berre nokon gav den eit vondt blikk.

Dette har stort sett enda med døden fram til den nye oppdateringa i PlayerUnknown’s Battlegrounds. (Foto: PUBG Corporation).

Adrenalininnskot utan like

Battle Royale-sjangeren har vist seg i fleire ulike formar dei siste åra, og det er liten tvil om kva spel som er best. Berre det at Battlegrounds er ferdig, er overraskande i seg sjølv. Sjangeren er tettpakka av Early Access-titlar, og det er kjekt at me endeleg får det produktet me fortener, i staden for at me blir bombardert av endå fleire uferdige spel med elendig yting.

PlayerUnknown’s Battlegrounds har blitt ein enorm hit i år. Det er ikkje spesielt rart, for spelet er rett og slett utruleg mykje moro.

Utviklingsprosessen har vore ekstremt effektiv, som får meg til å tru at dei elementa som manglar vil kome innan kort tid. Me vil sjå eit skikkeleg rangeringssystem, betre balansering av våpena, monaleg betre yting, og endå fleire kart – noko me veit kjem.

Er du ute etter underhaldning, skal du leite lenge etter noko som gir – og tar – så mykje som dette spelet. Du får så mange av dei små augeblikka av rein perfeksjon, der alt klikkar, alt fell på plass. Nokre av rundane kan gi deg eit adrenalininnskot utan like, med ein slik intensitet at det brenn seg inn i minnet ditt. Det er dette som har trekt meg og venene mine tilbake til spelet i hundrevis av timar.

Vegen vidare for spelet ser ljos ut. Utviklaren vassar i pengar – og dei midlane går rett tilbake til oss, gjennom nye funksjonar. Det er berre å glede seg til det som kjem.

Om SPILLET

PlayerUnknown's Battlegrounds