Med kirurgisk presisjon har regissør og manusforfattar Grethe Bøe-Waal adaptert den fyrste forteljinga i Jørn Lier Horst og Hans Jørgen Sandnes sin populære barnebokserie om Detektivbyrå nr.2 til ein spennande og omtenksam detektivfilm.

Hennar førre «operasjon», kinosuksessen Operasjon Arktis, fekk terningkast 5 her i Filmpolitiet, og Bøe-Waal viser igjen at ho har eit talent for effektiv visuell forteljing, med passande spenningsbygging mynta på barn i småskulen.

ANMELDELSE: Operasjon Arktis – Velgjort spenning fra det kalde nord!

Detektivbyrå nr. 2 er allereie i opna når filmen startar. (Foto: SF Studios)

Sherlock Holmes Jr.

Filmen set tonen godt frå fyrste augeblink, med ein flott animert tittelsekvens og treffande musikk – truleg inspirert av Hans Zimmer sitt Sherlock Holmes-tema. Deretter er det rett på action, med syklar som raser nedover steinlagde gater i den fiktive Sørlandsbygda Elvestad. Detektivparet blir knapt introdusert før dei er rett på sin fyrste etterforsking – saka om dei mystiske hòla på «Fantesletta».

Det merkast at filmen er påtenkt eit publikum med ørlite førehandskunne, men det er ikkje gjort slik at det er vanskeleg å henge med. Når me møter Tiril og Oliver har dei allereie skaffa kontor og utstyr, som seg hør og bør for privatetterforskarar. Alle dei relevante fjesa i forteljinga blir kjapt introdusert, med fleire kjende namn i nøkkelroller. Deriblant Jon Eikemo, Finn Schau og Lise Fjeldstad, samt Pål Sverre Hagen som «Onkel» politi og Eldar Vågan som Bestefar.

Handlinga utspelar seg etter klassisk spenningsfilmformel, med kamera og klippearbeid som er skreddarsydd eit yngre publikum. Bruken av låge kameravinklar og nærbilete på borna gjev kjensla av å sjå alt frå deira perspektiv, samtidig som det byggar oppunder det småskumle med at dei går og etterforskar slik på eigenhand.

Sett bort frå periodiske besøk frå bestefaren med den «snåle dialekta» tilbringar nemleg Tiril (Emma Kilane) og Oliver (Thomas Farestveit) haustferien sin nesten fullstendig utan oppsyn. Me ser ikkje ein gong ansiktet til foreldra deira, og høyrer dei berre når dei seier god natt i ei overnattingsscene. Borna hamnar ikkje i spesielt stor fare i filmen, men der er ein del nattescener der «Mørkemannen» står for nok smågrøss til at 9-årsgrensa er forståeleg.

ANMELDELSE: Coco – Morsomt, underholdene og rørende fra Pixar

Ella Kilane og Thomas Farestveit gjer god figur som Tiril og Oliver. (Foto: SF Studios)

Blandar inn historiske realitetar på ein fin måte

Filmen får eit pluss i boka for å prøve å adressere eit stykke norsk historie mange kanskje ikkje har høyrd so mykje om. Mysteriet tar som nemnd utgangspunkt i den såkalla «Fantesletta», og det forklarast kort kva ein «Fant» var, og korleis dei vart behandla rundt slutten av 1800-talet.

Dette blir dels gjort gjennom minna til Bestefar, men òg ved eit kort og artig sideplot om ei filminnspeling som føregår i Elvestad, der regissør Bøe sjølv har ei gjesterolle. Film er jo for mange eit viktig hjelpemiddel for historieforståing. Difor er det forfriskande å sjå ein film ta tak i ein av dei mindre sympatiske tinga Noreg har vore med på, og gjere lærdom ut av det.

Når alle puslebitane er satt saman viser Operasjon Mørkemann seg å vere ein heilstøypt krimfilm for born. Emma Kilane og Thomas Farestveit er begge veldig flinke, og bringer med seg ein smittsam positivitet og energi til rollefigurane sine. Filmen legg seg som eit fint mellomledd mellom barne-tv for dei minste og det mørkare, ofte apokalyptiske «Young Adult»-filmlandskapet. Me får nok sjå Detektivbyrå nr. 2 løyse fleire saker i framtida.

Om FILMEN

Operasjon mørkemann
  • Operasjon mørkemann
  • Slippdato: 23.03.2018
  • Regi: Grethe Bøe
  • Utgiver: SF Norge
  • Aldersgrense: 9 år
  • Sjanger: Barn, Krim