John Krasinski er nok for mange best kjent som skodespelar i komiserien The Office, der han figurerte som den elskverdige skøyaren Jim Halpert. Etter å ha regissert to heller låg-profilerte dramakomediar slår han med sin tredje film til med eit kjempetreff av ein spenningsfilm.

A Quiet Place er ein overmåteleg god og oppfinnsam høg-konsepts «sci-fi»-thriller, som leikar med publikum si oppleving av lyd på ein særdeles godt gjennomført måte.

Me vert droppa ned i handlinga ikkje lenge etter at eit eller anna har skjedd. Ein familie saumfer ein delvis rasert daglegvarehandel. Lyd-designet fortel oss at dei har ei døv dotter, so til å byrje med er det ikkje merkverdig at alle kommuniserer med teiknspråk. Men reaksjonen frå foreldra då minsteungen plukkar opp ei leike med potensial til å lage bråk, avslørar at det ligg noko meir bak.

Frykta lyser i augo på dei medan faren held pusten og forsiktig lirkar ut batteria av leikeromskipet. Vidare økonomisk bruk av montasje fortel oss alt me treng å vite: noko form for monster har rasert verda slik me kjenner den, dei er vanskelege å drepe, og har ekstremt god høyrsel.

ANMELDELSE: Legion S02 Sesongpremiere – Fortsetter å eksperimentere med superheltsjangeren

Den minste lyd kan få katastrofale konsekvensar i A Quiet Place (Foto: United International Pictures)

Kvalitet i alle ledd

Krasinski er minst like god framom kamera som bak. Han overtyder til dei grader som faren Lee, som saman med kona Evelyn (Emily Blunt) og barna Marcus og Regan (Noah Jupe og Millicent Simmonds) må leve fullstendig stille for å unngå fare.

Det meste av handlinga i A Quiet Place er sentrert rundt ein liten gard familien har lydisolert so godt dei kan. Harde flater er dekka med tøy so langt det rekk, dei går alltid berrføtt, og alle stiar dei nyttar er fylt med sand. Ein får verkeleg kjensla av at sjølv lyden av ei knappenål som fell er nok til å tiltrekke dei livsfarlege monstera.

Den særdeles sparsame dialogen er so godt motivert av handlinga at den aldri vert sakna. Ein tar seg heller i å fundere på kvifor so mange andre filmar lener seg på munnleg eksposisjon. Det vetle av nødvendig dialog føregår anten ved teiknspråk eller utrykksfulle blikk.

Det er gjort ein kjempegod jobb med rollebesetninga, og dei to barneskodespelarane held lett fylgje med rutinerte Blunt og Krasinski. Det må vere utruleg vanskeleg å leve sopass på tå hev heile tida, og dei sel konseptet so godt at ein kvar uheldig lyd landar med all påtenkt vekt.

ANMELDELSE: Hatets vugge – Eit dystert innblikk bak ein politisk fasade

Dei unge skodespelararne formidlar skrekken godt. (Foto: United International Pictures)

John Krasinski viser stort potensial

A Quiet Place fokuserer ikkje veldig mykje på «sci-fi»-delen av plottet, men desto meir på skrekken som kjem med kampen for å overleve. Den ulidelege spenninga er balansert med ein interessant familiedynamikk, og alle dei fire hovudkarakterane har si utvikling i historia. Det er imponerande arbeid frå ein trio manusforfattarar (inkludert Krasinski) som ikkje har laga noko anna nemneverdig.

Det er sjeldan kost å sjå ein thriller som er so nøyaktig plotta og regissert som det her, og eg kan ikkje hugse å ha sitte so spent i kinosetet sidan It Comes at Night i fjor sommar. John Krasinski gjer sjumilssteg oppover lista over regissørar verdt å fylgje med på, og eg kryssar fingrane for at det det blir like spennande neste gong me høyrer frå han.

Om FILMEN

A Quiet Place
  • A Quiet Place
  • Slippdato: 06.04.2018
  • Regi: John Krasinski
  • Utgiver: United International Pictures
  • Originaltittel: A Quiet Place
  • Aldersgrense: 15 år
  • Sjanger: Sci-fi, Skrekk, Survival, Thriller