Gleden er å bade i isbitar og fiskeslo?

Me er offisielt over halvvegs i årets P3aksjon. Her er høgdepunkta frå det siste døgnet. ⚡️

Tuva har fått skjegg, Ulrikke og Niklas har rappellert og Vida Lill har fått eit bad ho seint vil gløyme. Dette har med andre ord vore alt anna enn eit kjedeleg døgn.

Isbitar og fiskeslo

Etter ei nervepirrande og særs jamn avstemming var det jaggu Vida Lill som fekk «gleda» av å bade i eit badekar fylt av isbitar og fiskeslo. ????

– Eg fekk reker i heile kjeften, sa ein mildt sagt frossen programleiar då badeseansen var over.

Sjå korleis badinga gjekk her:

https://www.youtube.com/watch?v=-2dwo3YQjrU


Ein liten «SKAM»-seanse

Me måtte sjølvsagt innom «SKAM»-temaet då Ulrikke Falch var gjesteprogramleiar. Og som om det ikkje var nok å ha éi stjerne frå serien til stades, dukka også Ina Svenningdal opp. ?

Ina, best kjend som jente-Chris, ga oss gleden av å gjenoppleve eit velkjent blikk frå serien. ???

https://www.youtube.com/watch?v=rFzzQT1Gd6M


Dei kunne også avsløre eit par ting frå serien me kanskje ikkje visste frå før:

https://www.youtube.com/watch?v=5ZjMEce3FsI


P3aksjonen + ??‍?❤️

Etter ein skjeggete, luftig og solfylt dag spelte vår gjesteprogramleiar nummer tre, Sondre Justad, eit par nydelege låtar på Solsiden i Trondheim.

https://www.youtube.com/watch?v=gkssLN65ga8
https://www.youtube.com/watch?v=v0C-0WrwluY

Og det heile toppa seg sjølvsagt då han avslutta med den splitter nye låta «Paradis»:

https://www.youtube.com/watch?v=CimFeBixHJM