– Han kan risikere å drite seg ut

Fallhøgda er stor når ein skal lage musikk til eit heilt orkester. Kan Markus klare det?

Markus Neby i P3morgen har den siste tida hatt mykje å gjere. Han har nemleg laga musikk for sjølvaste Kringkastingsorkesteret (KORK) – musikk som forhåpentlegvis skal kunne brukast i P3morgen.

Målet med det heile var å lage det som på radiospråket er kjent som ein jingel – ein kort melodi som kan brukast som bakgrunnsmusikk medan programleiarane pratar på lufta. Og sidan det var eit heilt orkester som skulle spele inn dette, måtte notane for alle instrumenta på plass.

Dette hadde Markus aldri gjort før. Og presset vart ikkje akkurat mindre då eit orkester fullt av profesjonelle musikarar skulle spele desse notane.

Sjå Markus fortleje korleis ideen vart fødd i videoen under.

https://www.youtube.com/watch?v=PlU7NZqc0Xw&feature=youtu.be

Skeptisk orkester

– Då me fekk høyre at Markus ville arrangere dette sjølv blei me jo litt skremte.

Det seier John Fullman. Han jobbar som programprodusent i orkesteret.

– Han kan jo faktisk risikere å drite seg ut, held Fullman fram.

Ifølgje programprodusenten er det ikkje ein enkel jobb å arrangere musikk til eit orkester med tjue forskjellige instrument. Og Fullman avsluttar med ein nokså mørk spådom:

– Kanskje han kjem til å gremmast kvar morgon over den forferdelege kjenninga som han har vore med på å lage for P3morgen?

Men Markus let seg ikkje knekke:

– Eg får jo til at eg prøver på, så dette er jo mitt tryggleiksnett midt oppe i dette, seier Markus.

Sjå korleis orkesteret reagerte i videoen under.
https://www.youtube.com/watch?v=xGjqNxKt8wc

Mykje å fikse på

– Eg fekk ikkje akkurat ståande applaus, men han kom med mange gode tilbakemeldingar. Veldig mange tilbakemeldingar. Og alle desse må eg jobbe med.

Det fortel ein noko stressa Markus etter ein komponist har høyrd gjennom musikken hans. Han byrjar å merke at han aldri har gjort dette før, men mistar ikkje motet av den grunn.

Sjå Markus få tilbakemelding i videoen under:
https://www.youtube.com/watch?v=XjwcWdefMJg

No er jingeleventyret til Markus over, og under kan du høyre resultatet.

[soundcloud url=»https://api.soundcloud.com/tracks/252303167″ params=»auto_play=false&hide_related=false&show_comments=true&show_user=true&show_reposts=false&visual=true» width=»100%» height=»450″ iframe=»true» /]