Har du mista tilgangen til P3?

Her finn du alt du treng å vite om FM-sløkkinga.

Først gjekk Nordland, Trøndelag og Møre og Romsdal over til DAB+. Fylke etter fylke har fulgt etter, og no har NRK avslutta sine FM-sendingar over heile landet.
Har du ikkje fiksa deg DAB+ enno? Fortvil ikkje, det fins andre måtar å høyre P3 på!

http://gph.is/2p6EH3L

NRK Radio-app:

Med denne appen kan du lytte til NRK sine direktekanalar og opptak av tidlegare sendte program.
app

Her finn du NRK Radio-appen:
iPhone-brukarar: iTunes
Android-brukarar: Google Play
Windows Phone-brukarar: Microsoft.com

Nrk.no/radio:

Det er også mogleg å høyre på radio gjennom Nrk sine nettsider. Spol deg fram og tilbake i sendingane som du sjølv ynskjer.

nett

Sjå full DAB-oversikt her:

Sløkkeplan for FM-nettet.

DAB-dekningskart.

Alt du treng å vite om DAB.


Eit par fakta om DAB:

* Digital Audio Broadcasting (dab), på norsk digital lydkringkasting, er ein europeisk standard for digitalradio som skal erstatte dagens FM-sendingar.

* Standarden krev nytt mottakerutstyr (dab-radioer).

* FM-nettet vart teke i bruk i Norge i 1954.

* I 1995 starta NRK prøvesendingar med dab som gir plass til fleire kanalar.

* Ein oppgradert versjon av dab, kjend som dab+, vart lansert internasjonalt i 2007 og vart teke i bruk i Norge frå 2010. Dab+ gir plass til fleire radiokanalar, og rom for fleire tilleggstenestar. Dab+ fungerer ikkje på gamle dab-radioar.

* NRK og andre landsdekkande radiostasjonar ønska raskast mogleg overgang til dab+ for å spare pengar.

* I 2015 vedtok regjeringa at Norge som førebels einaste land skal stenge FM-nettet i løpet av 2017. Slukkinga av FM-nettet vart innleia i Nordland onsdag 11. januar klokka 11.11.

* Det vil framleis vere mogleg å høyre lokalradio på FM-nettet etter at hovudnettet er sløkt.