– Hugsar du mitt fjes?

Markus i P3morgen fekk endeleg helse på mannen han fleire gongar har tulla med.

Markus Ekrem Neby i P3morgen har fleire gongar tulla med Per Mathias Høgmo, trenaren for det norske fotballandslaget.

I dag fekk han for første gong møte fotballtrenaren personleg. I samband med dette møtet ønska Markus å hylle Per Mathias med ein sjølvkomponert song.

Sjå Markus sin hyllest til Per Mathias øverst i saka.

– Ha-hallo, ja. Veit ikkje om du hugsar mitt fjes? seier ein smånervøs Markus i sitt første, ordentlege møte med landslagstrenaren.

– Var det du som satt litt til høgre på pressekonferansen og prøvde deg med nokre litt, ja… Veldig tunge, fotballfaglege spørsmål?

– Det stemmer, seier ein oppglødd Markus.

Sjå augeblikket Per Mathias får eit vanskeleg spørsmål i videoen under.
https://www.youtube.com/watch?v=fhbCCBiaBAk

Men det er altså ikkje den einaste gongen Markus har tulla med Per Mathias. Seinast i fjor var han ute med nye sprell då han behandla det norske landslaget som internasjonale stjerner. I intervja med dei norske fotballgutane (inkludert Per Mathias) stilte han spørsmålet «Do you like brown cheese?».

Sjå korleis det gjekk i videoen under.

– Du såg veldig fjern ut etter eg stilte det spørsmålet. Kva tenkte du? spør Markus ivrig.

– Eg trur eg såg teikninga, eg skjønte kor du ville. Då måtte eg berre la det gå vidare, sjølv om det var ein kjekk, ung mann som stilte spørsmålet, seier trenaren lattermildt.

Utdrag frå Markus sin hyllest til Per Mathias Høgmo:

«Kjære Per mathias, eg heier på deg og syns du er flink.
Eg håpa faktisk for lenge sidan, då du var kommentator i programmet 4-4-2 at du ein gong skulle bli landslagsstrenar. Og dét er det sjeldan eg tenkjer om kommentatorar på TV. Problemet er ikkje at du ikkje er rett person for landslaget. Problemet er at det ikkje fins noko rett person for landslaget. Spelarane har vore for dårlege, så ærlege syns eg me kan vere. Du har satsa på unge folk og skapt eit engasjement. Du har også lagt eit godt fundament. Eg syns du tidvis kan vere vanskeleg å forstå, men kva gjer vel det når eg syns du ser ut som ein søt, liten kyllingbaby? Ja, for eg syns du liknar litt på Pip, den gule teikneseriefiguren (betre kjend som Tweety). (…)»

Høyr heile innslaget der Markus hyllar Per Mathias i P3morgenHER.