Vinnaren er kåra

Juksarane i Paralympics stakk av med ein tredjedel av stemmene!

Mange har gjort det, mange har blitt tekne for det, og enno fleire har kanskje aldri blitt oppdaga. Det eg snakkar om er folk som har juksa litt. Eller juksa mykje.

I sportsverda har det opp gjennom tidene skjedd litt av kvart på juksefronten, og i den samband skal no Verdens Rikeste Land på P3 kåre den villaste, raraste juksaren.

Vinnaren er herved kåra: juksarane i Paralympics som stilte med ti funksjonsfriske spelarar! Dermed fortenar dei tittelen «tidenes juksemaker». Gratulerar!

1. Jukseskandale i Paralympics

Året var 2000, og det spanske basketball-laget i klassen for psykisk utviklingshemma stakk av med seieren i Summer Paralympics.

Det ingen visste var at ti av tolv spelarar på laget var funksjonsfriske.

Det gjekk ikkje meir enn ti dagar før den store løgna vart avslørt, og gullmedaljen måtte leverast tilbake.

– Me blei oppfordra til å spele dumme, kunne den friske spelaren Carlos Ribagorda fortelje etter den store avsløringa.

Carlos Ribagorda (ytterst til høgre, andre rekke) var ein av spelarane som stod fram om jukset i ettertid.
Carlos Ribagorda (ytterst til høgre, andre rekke) var ein av spelarane som stod fram om jukset i ettertid.

Det spanske laget skulle eigentleg bli IQ-testa, men dette skjedde aldri. Kravet for å delta er nemleg at ein har ein IQ på under 75.

– Me gjekk rundt i Paralympics-landsbyen og lata som om me var utviklingshemma, fortel Ribagoda.

På grunn av frykt for at fleire skulle prøve seg på liknande juks vart øvingar for personar med psykisk utviklingshemming i 2003 fjerna frå Paralympicsprogrammet. I 2012 fekk derimot nokre øveingar komme tilbake på programmet.

Og året etter fekk den tidlegare presidenten i handikapidrettsforbundet, som altså var ansvarleg for jukset som skjedde, sin bedrageridom, berre 13 år etter skandalen.

Onischcenko førebur seg på fektekamp. Biletet er frå 1972.
Onischcenko førebur seg på fektekamp. Biletet er frå ei øving 21 August 1972.

 

2. «Boris the cheat»

Den ukrainske idrettsstjerna Boris Onischcenko hadde tre verdsmester-titlar bak seg då han vart teken for juks i femkamp.

Det skjedde nærare bestemt under sommar-OL i 1976. Etter første runde i femkamp låg det sovjetiske laget på fjerdeplass, like bak Storbritannia. I runde nummer to møttes desse to konkurrentane i fektekamp med elektriske épée-sverd.

Desse sverda reagerar kun når tuppen av våpenet kjem borti konkurrenten, og registrerar deretter eit poeng.

Det rare i Boris sitt tilfelle var at sverdet ga han poeng utan at han var borti konkurrenten.

Det viste seg at sovjetarane hadde tukla med sverdet, noko som gjorde at Boris kunne få poeng utan å faktisk vere borti konkurrenten.

Det kjem sikkert ikkje som ei bombe at det heile enda i utvising frå konkurransen. I tillegg mista han alle titlar og premiar han hadde motteke i tidlegare meisterskap, og fekk kallenamn som «Disonischenko» og «Boris the cheat».




Stella Walsh vart drepen i eit væpna ran 69 år gammal, i 1970. (FOTO: AP Photo).
Stella Walsh vart drepen i eit væpna ran 69 år gammal, i 1980. (FOTO: AP Photo).

3. Stella Walsh aka Stanislawa Walasiewicz

Stella Walsh, eller Stanislawa Walasiewicz som var hennar eigentlege namn, kom opphavleg frå Polen. Men kort tid etter ho vart fødd i 1911 flytta familien til USA, og endra namn til Walsh.

I tenåra var Stella på veg opp og fram som friidrettsstjerne, og satt blant anna ein verdsrekord i 1930. Det var venta at det veksande talentet kom til å hanke inn gullmedaljen for USA i den kommande OL-konkurransen i 1932.

Dessverre mista Stella jobben, noko som førte til at ho ikkje kunne delta for Amerika, sidan ein måtte finansiere konkurransedeltakinga sjølv. Det førte til at ho heller representerte Polen i OL.

I 1947 sprang Stella 100-meteren på 11,9 sekund, og slo dermed verdsrekorden, med merkverdig lange skritt. Så lange at ho vart samanlikna med menn i måten ho sprang på.

Etter Stella døydde viste det seg at desse folka som samanlikna ho med ein mann faktisk var inne på noko. I undersøkinga av liket hennar (sidan ho vart drepen vart kroppen sjekka), viste det seg at ho faktisk hadde mannlege kjønnsorgan. Ho hadde ein sjeldan sjukdom som gjorde at ho hadde både mannlege og kvinnelege kromoson.

I ettertid har det vert sådd mykje tvil om kva kjønn Stella faktisk var, sjølv om ho i fødselsattesten står oppført som kvinne. Og sjølv om det er vanskeleg å slå fast om ho faktisk juksa eller ei, vert ho stadig omtala som ein av historiens største juksemakarar.

4. Rosie Ruiz

Amerikanske Rosie Ruiz er kanskje ein av verdshistoriens mest kjente juksemakarar!

Ho deltok i det årlege maraton-løpet i Boston, USA, Boston Marathon 1980. Og trur du ikkje ho vant heile løpet?! Nei, det gjorde ho altså ikkje. Men ho fekk alle til å tru at ho hadde vunne, og det må jo telje for noko.

22 april  1980 lurte Rosie Ruiz alle til å tru at ho hadde vunne Boston Marathon. (AP Photo/File0).
22 april 1980 lurte Rosie Ruiz alle til å tru at ho hadde vunne Boston Marathon. (AP Photo/File0).

Dek tok eit par dagar før sanninga kom fram. Det viste seg at Rosie hadde droppa ut av løpet og tatt undergrunnsbanen eit stykke. Ei mil før mållinja hoppa ho av, og sprang resten derifrå.

Sjå augeblikket media møter den såkalla vinnaren i videoen under.

5. Donald Crowhurst

Dette er ein juksemakar med ein tragisk skjebne.

Donald Crowhurst klarte å lure alle til å tru at han hadde segla verda rundt på 240 dagar i seglekonkurransen Sunday Times Golden Globe Race i 1968-69. Men sånn eigentleg hadde han berre gøymd seg i ei bukt.

Donald skal ha fått problem i starten av konkurransen, men i staden for å trekke seg byrja han å sende inn posisjonen sin. Desse posisjonane viste at han tilsynelatande reiste verda rundt, sjølv om han berre holdt til i ei lita bukt.

Då det endeleg var tid for den høgtidelege innseglinga var ikkje Donald å sjå nokon stad. Seinare vart båten hans funne utan tilsynelatande skadar, men ingen Donald der heller. I loggboka hans var siste innlegg datert til 1. juli 1969.

Det fins mange teoriar om kva som skjedde med seglaren, deriblant at han vart gal og tok sjølvmord. Det er dessverre ei gåte me mest sannsynleg aldri vil få eit nøyaktig svar på.