Lines MGP-låt i ny drakt

I dag har den nye versjonen av “Who got the answer” verdenspremiere her på P3.no.

Hugsar du i fjor då P3s Line Elvsåshagen laga sin eigen MGP-låt?

Som nokon kanskje har fått med seg reiser no Line jorda rundt – utan pengar til verken mat eller overnatting. Akkurat no er ho i Sør-Korea der ho vil prøve å lansere seg sjølv som artist – fordi kvifor ikkje? I den samband har ho spelt inn “Who got the answer” på nytt.

Har du gløymd ut låta og musikkvideoen? Frisk opp minnet ditt her:
SJEKK UT ORIGINALLÅTA HER: Lines MGP-Låt

OG MUSIKKVIDEOEN HER: “Who got the answer”

Verdenspremiere

Tekst og melodi har Line laga sjølv, og i den nyinnspelte versjonen av “Who got the answer” byr Line også på ein aldri så liten rap. Dette er ei fersk innspeling av den samme låta ho laga då ho var reporter i P3morgen, og skulle slå gjennom som MGP-artist.

Høyr låta her:

Låta er produsert av Bendik Hovik Kjeldsberg, som er ein av landets beste perkusjonistar. No nylig turnerte han med Marit Larsen, og har blitt miksa av Kristoffer Bonsaksen som produserar for alt frå Highasakite til Jaga Jazzist.

LES OGSÅ:Vinn gavekort verdt 10.000

Men hallo, ingen ny låt utan musikkvideo!

Samstundes som Line no er ute i den store verda spelar ho inn ein heilt ny musikkvideo som har premiere rett etter ho kjem heim 30. september.

Frå den originale musikkvideoen til “Who got the answer”. Frå venstre: Silje Nordnes frå P3morgen, Line Elvsåshagen, og Ronny Brede Aase frå P3morgen.
Frå den originale musikkvideoen til “Who got the answer”. Frå venstre: Silje Nordnes frå P3morgen, Line Elvsåshagen, og Ronny Brede Aase frå P3morgen.

LES OGSÅ: – Blir det jordskjelv har vi ambassadene på hurtigtast

Reisa til Line kan du følgje på Twitter, Facebook, Instagram, eller Snapchat @Linejordarundt.

line-topp-stor