Tips Line – vinn gavekort på 10.000

To tips vil bli premiert.

  • Dette er Lines reise
  • Line reiser uten penger til mat og overnatting
  • Underveis er Line avhengig av tips og råd fra følgere i sosiale medier
  • Landene hun skal besøke er Russland, Iran, Sør-Korea, Australia, Peru, Bolivia, Malawi og Tanzania
  • Instagram: @Linejordarundt, Snapchat: Linejordarundt, Facebook: NRKP3
  • Avreise er 20. august
  • Hør Lines reiseoppdateringer på P3morgen
  • Se tv-serien “Line jorda rundt” 30. september på NRK 3

Kjenner du ein elefantkviskrar i Tanzania? Eller kanskje nokon som driv eit kattehotell i Russland? Då treng Line hjelpa di.

Line Elvsåshagen (25) har forlatt Norge, og er no ute i den store verda. Ho skal reise jorda rundt utan pengar til verken mat eller overnatting. Utan desse to viktige tinga skal Line innom Russland, Iran, Sør-Korea, Australia, Peru, Bolivia, Malawi og Tanzania.

LES OGSÅ: – Blir det jordskjelv har vi ambassadene på hurtigtast

Sjølv om reisa ikkje har starta enno vil me allereie no ha tips om plassar ho burde besøke, mat ho burde prøve, eller plassar å overnatte. Reisetipsa kan sendast til linejordarundt@nrk.no.

30. september vil to av tipsa bli premiert med kvart sitt reisegavekort verdt 10.000 kroner. I tillegg blir nokon av dei andre tipsa premiert med gjestelisteplass på Lines premierefest som skjer samme dagen ho kjem heim frå turen.

LES OGSÅ: – Tenk om jeg sulter i hjel!

Alle tips er gode tips

For Line sin del er det viktigaste at ho har tak over hovudet når natta kjem snikande.

– Ein plass å sove er verkeleg det eg ønsker meg mest i verda!!

– Eg håper du kan tipse meg om nokon du kjenner som kjenner nokon som kjenner nokon som er skikkelig verdensvante og som kan gi meg tips om kva eg MÅ oppleve på ein plass.

line-topp-liten