10 kjappe: Kaja Gunnufsen

Kaja Gunnufsen høyrer ofte på Neil Young, og lagar som oftast musikk med fire akkordar. Her svarar ho på ti kjappe spørsmål hos Ruben.

Bli med i eit djupdykk i den musikalske historia til Kaja Gunnufsen, som i vår fekk mykje skryt for debutalbumet Faen Kaja.

Øvst i saka kan du sjå video frå då Kaja var på besøk hos Christine, der ho spelte «Faen Ta» live.

Vil du høyra heile sendinga til Ruben? Det kan du gjera i nettradioen!

Kva er ditt første musikalske minne?

– Eg var fire eller fem, og var med mamma og pappa på Kalvøya-festivalen. Eg hugsar ikkje, men eg har blitt fortalt av pappa at eg spurde om me var i India. Det var ein veldig hippie-aktig stemning med flagrande klede og slike ting. Eg hugsar ikkje kva me høyrde, men det var mi første konsertoppleving.

Korleis oppdaga du at du kunne spela?

– Eg byrja å spela piano då eg var ni år, så det tok ikkje så lang tid før eg laga piano-sangar. Det var vel då eg skjønte at om eg skulle laga musikk, var det det eg hadde teft for. Ikkje å bli teknisk flink, men å skriva sjølv.

Kva var den første sangen du hugsa at du digga?

– TLC var vel det første eg verkeleg digga. Kva var det den heitte igjen? Ein frå dei første TLC-platene. Den digga eg sjukt mykje, og det gjer eg endå.

Korleis skjønte du at du skulle bli musikar?

– Musikk er noko eg alltid har drive med. Men det var i fjor eg gjekk i studio for første gong, fordi eg hadde lyst til å spela konsertar. Då eg gjekk i studio fann eg ut at eg like godt kunne legga det ut på nett.

Eg har jo vore veldig heldig, for ting har gått litt av seg sjølv. Det har aldri vore slik at eg har tenkt at eg skal vera musikar.

Kvifor byrja du å laga nettopp den musikken du driv med?

– Dei første sangane eg laga sjølv kom i ein periode då eg høyrde veldig mykje på Neil Young. Med han så oppdaga eg kor enkle sangar ein kan laga, og kor mykje effekt det kan vera i dei. Det var lov, og greit, å laga enkel musikk. Faren er at folk tykkjer det er naivt og simpelt, men det har eg tenkt å drita meir og meir i. Musikken min er jo enkel, det er som oftast berre fire akkordar.

Kva låt har vore viktigast for din eigen musikk?

– Powderfinger av Neil Young har betydd mest for meg. Det var den første eg lærde meg på gitar, og det var på grunn av den sangen eg tok tatovering på armen av plata sangen var på.

[youtube http://www.youtube.com/watch?v=FMvjfBdeiKw]

 

Når dansar du?

– Eg elskar å dansa, men eg er litt norsk på det punktet. Så eg dansar mest når eg er åleine, og litt når eg er full.

Når høyrer du ikkje på musikk?

– Om eg har vore i studio ein heil dag og høyrt musikk heile tida, er det veldig deilig å komma heim og ikkje høyra på nokon ting – ikkje ha på fjernsynet ein gong.

Kva sjanger høyrer du på i dag som du ikkje høyre på for ti år sidan?

– Eg høyrer meir på elektronisk musikk. Cashmere Cat, Todd Terje og slikt.

Kva er tidenes beste låt?

– Eg har alltid meint det var «Little Wing» av Jimi Hendix. Men det tykkjer eg ikkje lenger. Så om du spør meg akkurat i dag, vil eg svara Fjorden Baby! med «Vinduene». Men det kan endra seg fort.