10 kjappe: Sigurd Wongraven

For Sigurd Wongraven har hardrock alltid vore som ein Ferrari. Han svarar på Ruben sine ti kjappe spørsmål.

Kva er ditt første musikalske minne?

– Som tiåring, då eg såg Iron Maiden i Drammenshallen. Det var den første konsertopplevinga mi. Denne Eddie-figuren, maskoten til Iron Maiden, som gjekk rundt på scena i ein fire meter høg versjon – eg følte veldig at albumcoveret til Somewhere In Time-plata vart levd ut fysisk på scena, og det var det som var så spanande.

Korleis oppdaga du at du kunne synga?

– Det som er meir interessant er korleis eg fann ut at eg kunne laga musikk. Det var noko som kom då eg var 15. Då forsto eg at eg sjølv kunne laga melodiar. Det var ei fantastisk kjensle. Eg spelte gitar på den tida.

Kva er den aller første låta du hugsar at du digga?

– «Iron Man» av Black Sabbath. Eg har veldig tidlege minner av det som ei favorittlåt. «Iron Man» har jo eit ikonisk riff. Det er dei riffa som er vanskelege å laga – dei som er veldig enkle og slagkraftige. Med desse enkle plankekøyringsriffa er utfordringa å finna noko som i all sin enkelheit er heilt genialt.

Korleis skjønte du at du skulle bli musikar?

– Eg har jo aldri hatt nokon draum om å bli brannmann, politimann og slike ting. Det var dette eg hadde lyst til å gjera. Eg såg opp til det eldste søskenbarnet mitt som hadde sitt eige band, eg hadde plakatar på veggen med band i live-situasjonar som verkeleg ga meg den «større enn livet»-faktoren.

Det virka så uoppnåeleg, men kanskje og fordi det var det einaste eg ville så vart det til ein viss grad oppnåeleg.

Vil du høyra heile sendinga der Sigurd Wongraven svarar på Ruben sine spørsmål? Det kan du gjera i nettradioen.

Kvifor byrja du å laga den musikken du lagar?

– Den første musikken eg vart gripen av var jo hardrocken. Og kva anna skulle eg då velga? Det var det einaste som kunne bevega meg. Popmusikk oppfatta eg som like uinteressant som i dag.

Eg tenkte at hardrock var som ein Ferrari, og popmusikk er som ein Toyota Corolla.

Kva låt har vore viktigast for din eigen musikk?

– I 1991 byrja eg å spela musikk i organisert form, altså eit band. Då høyrde eg eit opptak frå øvinga til Darkthrone. Det var eit vendepunkt for meg. Då tenkte eg at det var dette som gjaldt, og det var dette eg skulle driva med. Om det var ei spesiell låt? Eg trur det var «Kathaarian Life Code».

Når dansar du?

– Musikarar kan jo ikkje dansa. Når musikarar skal dansa, blir det litt som når dei som ikkje er musikarar finn fram ein kassegitar på nachspiel. Så eg prøver å styra unna.

Men så driv eg jo med vin. Og for meg er det ei oppleving å drikka vin, som kanskje stikk djupare enn for dei som berre er måteleg interessert. Og om det blir for mykje vin i feil selskap, så har det faktisk hendt at eg dansar.

Når høyrer du ikkje på musikk?

– Eg likar ikkje å høyra på musikk når eg skal konsentrera meg om tal. Om eg får eit Excel-ark langt som eit vondt år, då kan eg ikkje ha musikk på. Det kan jo kosta Satyricon mykje pengar.

Kva sjanger høyrer du på i dag som du ikkje høyrde på for ti år sidan?

– Det er ingen sjanger eg høyrer på i dag som eg ikkje hadde eit forhold til for ti år sidan.

Kva er tidenes beste låt?

– No må eg gå på magekjensla, den første låta som dukka opp. Då blir det «The End» av The Doors. Fordi utover å berre vera ei fantastisk stemningsfull låt er det slik at sjølv om eg er 38, og eg høyrde den for første gong då eg var 13, så gjer den inntrykk på meg endå, kvar einaste gong.

Eg har høyrt den tusenvis av gonger, og om nokon set den på i dag så er det framleis noko som rører seg inni meg. Ein må anerkjenna at dersom ei låt har formidabel stayer-evne, har den noko som dei aller færraste låter har.