10 kjappe: Siri Nilsen

Då Siri Nilsen fann ut at folk faktisk ville høyra ho synga frivillig, måtte ho læra seg å spela eit instrument. Då var ukulele det lettaste.

Siri Nilsen jobbar for tida med sitt tredje album, men tok ein pause for å komma innom Ruben og snakka om si musikalske historie.

Sjå video frå Siri sitt besøk hos Christine, der ho ga deg ein akustisk versjon av «Alle Snakker Sant»

Vil du høyra heile sendinga til Ruben, der Siri Nilsen snakka om seg sjølv? Det kan du gjera i nettradioen!

Kva er ditt første musikalske minne?

– Eg hugsar eg var på ein merkeleg festival med mamma og pappa då eg var rundt tre år. Der var det ein fyr som sang, og så lata han som han spelte fløyte. Så var det plutseleg både fløytelyd og sanglyd, sjølv om han tok vekk fløyta. Han var strupesangar, eller noko slikt. Det var ei utruleg rar oppleving, det trur eg at eg ville tenkt i dag og.

Korleis oppdaga du at du kunne synga og spela?

Eg oppdaga vel ikkje at eg kunne synga, for det har eg alltid gjort. Det eg oppdaga var at eg kunne tena pengar på det. At eg kunne få folk til å høyra på meg frivillig. Det oppdaga eg då eg var rundt 19, og då ville eg og spela min eigen musikk.

Då måtte eg jobba fort for å læra meg eit instrument, for eg skulle ha min første konsert. Så hadde eg høyrt at ukulele var det raskaste å læra. Det var slik eg starta med det instrumentet.

Kva var den første låta du hugsa at du digga?

Eg hadde Lakrislåter-kassetane. Der var Bertha, kjære Bertha – Den var heilt rå.

Sjå eit ørlite klipp her – låta Siri Nilsen elska då ho var liten var og opningslåta til ein Barne-TV-serie:

[youtube http://www.youtube.com/watch?v=2CauZ52XYxw]

Korleis skjønte du at du skulle bli musikar?

Eg trudde vel eigentleg ikkje at eg kunne bli musikar – eigentleg. Eg trudde det var berre noko vaksne, etablerte folk var. Så eg skjønte vel at det kunne gjerast då eg var 26, men eg var rundt 14 då eg først byrja å tenkja at det var noko eg verkeleg ville gjera.

Kvifor byrja du å laga akkurat den musikken du lagar?

Du har ikkje så mange moglegheiter når du ikkje kjenner nokon musikarar, skal stå på scena med eigne sangar, og det einaste instrumentet du kan er ukulele. Då blir det som det blir.

Men eg er veldig oppteken av tekst, og likar at ting er roleg.

Når dansar du?

Eg dansar litt kvar dag. Eg dansar når eg høyrer på sigøynerjazz på kjøkenet og lagar mat.

Eg dansar mykje med dottera mi. Eg dansar eigentleg litt her og der.

Før ville eg kanskje sagt at eg dansar ute på ein klubb, men det gjer eg ikkje så mykje lenger.

Når høyrer du ikkje på musikk?

Eg høyrer til dømes ikkje på musikk når eg skal skriva sjølv. Høyrer eg på musikk då blir det slik at eg trur eg har høyrt alt eg finn på i ein sang tidlegare. Men om

Kva sjanger høyrer du på i dag, som du ikkje høyrde på for ti år sidan?

Eg har byrja å vera tilbøygeleg til å lika meir synthar og trommer og slikt, som eg ikkje likte før. Før skjønte eg ikkje det vakre i det, no tykkjer eg det er ganske godt, og det er mykje bra musikk som er basert på synth.

Kva er tidenes beste låt?

Tidenes beste låt vil eg sei er den eg held på å skriva no. Den kjem til å bli heilt fantastisk.

Den får du diverre ikkje høyra endå – men her er Siri Nilsen sin versjon av Farao sin «Tell A Lie» – live hos Christine!