Til nrk.no

5 høgdepunkt frå VG-lista i Bodø

Bobler, sjølvkomponert låt og badedyr gjorde Bodø-konserten komplett.

Så langt i sommar har Oslo, Bergen og Trondheim fått besøk av VG-lista. Denne gongen var det tid for å bevege seg nordover – nærare bestemt til Solparken i Bodø. Sola lot kanskje vente på seg under konserten, men stemninga lot seg ikkje dempe av den grunn!

Her er eit par høgdepunkt frå kvelden til alle de som enten ikkje var der, eller har lyst til å mimre over den stemningsfulle konserten.

1. Grip mikrofonen!

Til vanleg syng dei saman i boybandet The Main Level, men under VG-lista i Bodø vart dei utfordra til å konkurrere mot kvarandre. 😏 I konkurransen «grip mikrofonen» byrja eit samstemt publikum å syngje låta på skjermen, før ein av gutane gjetta låta. Kven som stakk av med seieren kan du sjå i videoen under. 👇

 

2. Cezinando sjarmerte alle i senk

Cezinando er alltid ein sjarmør😍, men i går var han nok ekstra sjarmerande der han stod på scena og song «vi er perfekt, men verden er ikke det». Etterpå runda han av med «håper du har plass».


 

3. Folk «bobla» over av glede

Det var mange såpebobler å sjå i Bodø då Admiral P, Onkl P og Eben Jr. stod på scena i Solparken. Og det passa jo perfekt sidan det var låta «Bobler» dei framførte. 😄

 

4. Sjølvkomponert låt om Bodø!

Gjett om det vart god stemning då Sandra Lyng og Chris Holsten framførte ein egenkomponert låt om den vakre byen Bodø.

Bodø i vårt ❤️.

 

5. Badedyra fekk stagedive!! 🐊

Ingenting er som ein real «stagediving»! Enno betre er det når ein oppblåsbar krokodille og flamingo seglar over folkemengda. God stemning!

 

Fleire høgdepunkt frå VG-lista:

Rådhusplassen

Bergen

Trondheim

Best akkurat nå

Best akkurat nå

iceage, Great News og Beach House står bak noen av ukas favorittlåter. Hør spillelisten her.

Urørtfinalistene er klare!

Urørtfinalistene er klare!

Etter en uke med dueller har publikum stemt frem fire verdige finalister til Urørtfinalen.

Disse artistene vil prege 2018

Disse artistene vil prege 2018

Bli bedre kjent med artistene P3 har mest tro på i år.

Inn i strømmen

Inn i strømmen

Vår anmelder er positiv til Emilie Adams sin EP-debut. Les hvorfor her.

Jazz til folket

Jazz til folket

GURLS slår et godt slag for norsk jazz med sin debutskive. Les anmeldelsen her.