nrk.no

5 høgdepunkt frå VG-lista i Leknes

Nest siste stopp på VG-lista turneen er overstått!

Ein månad etter VG-lista rocka Rådhusplassen i Oslo stod nok ein rådhusplass for tur. Denne gongen var det ikkje hovudstaden, men Leknes i Nordland som fekk besøk. Med strålande sol og eit fantastisk publikum blei den nest siste konserten på turneen utan tvil vellukka!

Her er eit par høgdepunkt frå kvelden til alle de som enten ikkje var der, eller har lyst til å mimre over kvelden.

1. Kajander på heimebane

Kajander fekk spele på heimebane med låta «E du som du va?». ? Sidan staden er ein stor del av bandet, reknar me med at det var greit å ta seg fri frå traktorkøyring (sidan det er det Kajander pleier å gjere når han er heime på ferie) for å spele i Leknes.

 

2. Gjett fisken! ???

Når ein først er i Lofoten fins det få ting som er meir passande enn å snakke om fisk! I dette tilfellet enda det med ein fiskekonkurranse der Hkeem og Temur verkeleg fekk teste fiskekunnskapane sine.


 

3. Musikk i vårt ❤️

Publikum i Leknes fekk også servert mykje bra musikk! ? Deriblant frå Julie Bergan, Sandra Lyng og Clairmont. ?

 

4. Grip mikrofonen ?

Ein gjengangar på VG-lista-turneen har vore klassikaren «grip mikrofonen». Leknes var intet unntak! ?

 

5. Bombadilla ?

Det vert sagt at slutten er det ein hugsar aller best. I så fall gjekk nok mange heim med eit smil om munnen etter å ha sett alle artistane framføre klassikaren «bombadilla» på rådhusplassen i Leknes. ?

 

Fleire høgdepunkt frå VG-lista:

Rådhusplassen

Bergen

Trondheim

Bodø