Kan Khalid få folk til å føle seg kvalme?

Verdsstjerna har som mål å lage musikk som får folk til å føle seg bra. P3morgen-Markus har andre planar.

Khalid syng som ein gud, og er utan tvil høgt elska av fansen. Stjerna føler seg heldig som har moglegheita til å leve av musikken. Og med eit hundretals millionar avspelingar berre på Spotify, finst det ikkje tvil om at han akkurat kan det.

– Eg er velsigna, utan tvil. Eg trudde aldri at eg kunne leve av dette før, seier han til Markus Neby i P3morgen.

Akkurat derfor har Markus utfordra superstjerna til å synge på ein måte som får folk til å føle seg kvalme og forvirra.? Sjå korleis det gjekk i videoen øvst i saka.

Inspirert av mamma

Det 19 år gamle talentet debuterte i 2016, og vart bokstavleg talt kjendis over natta. Han er kjapp med å fortelje sjølve grunnen til at han byrja med musikk.

– Mamma har absolutt vore min største inspirasjon, fortel Khalid, før han avslørar den eigentlege grunnen til at han kan synge:

– Ho gav meg stemma mi.

Ho gav deg stemma di?

– Ja, hadde ho ikkje sunge til meg kvar dag ville eg ikkje vore her eg er i dag.

Til P3morgen fortel han også kva målet med musikken er:

– Å få folk til å føle mykje. Eg er utruleg nostalgisk, så eg vil at folk skal høyre på musikken og hugse ein gong dei hadde det bra, eller der dei hadde kjærleikssorg.

Sjå også Christine Dancke sjekke kor godt Khalid kjenner seg sjølv på internett:
https://www.youtube.com/watch?v=LtEsLEU_4Jo