Christine live: Christina Perri

I 2010 jobba Christina Perri som servitrise i Los Angeles. To veker seinare sat ho på eit fly til New York for å møta store plateselskap.

Alt som hadde skjedd i mellomtida, var at låta «Jar of Hearts» hadde blitt brukt på «So You Think You Can Dance» – og gav Christina Perri ein rakettstart på karriera.

– Eg hadde spelt inn låta og gitt den til ei veninne, og det var ho som ga den vidare til ein av dei som jobba med «So You Think You Can Dance». Eg sat i studioet den kvelden den var på sendinga, og livet mitt forandra seg i det sekundet eg gjekk ut av døra. Alle ville plutseleg vita kven eg var.

Den kvelden kom ho heim til godt over 600 veneførespurnader på Facebook og ein haug med meldingar. Ho svarte på alle og sov ikkje eit sekund den natta. Kort tid etter flaug ho til New York, der dei største plateselskapa venta på ho og krangla om underskrifta hennar.

Trykk her for å høyra heile sendinga, der programleiar Ruben Gran og Don Martin diskuterer Spellemann.

Artikkelen held fram under biletet.

Christina Perri fortalte opent om dei tidlegare forholda sine, som har inspirert mykje av musikken ho skriv.  (Foto: Mattias Müller/NRKP3)
Christina Perri fortalte opent om dei tidlegare forholda sine, som har inspirert mykje av musikken ho skriv. (Foto: Mattias Müller/NRKP3)

Kjærleikshistoriar

Låta som vart slik ein stor suksess for ho, er inspirert av ein eks-kjærast Christina hadde eit av-og-på-forhold til gjennom seks år. Beskjeden i låta er klar: Kven trur du at du er?

– Eg hugsar eg skreiv den låta 26. desember 2009. Då hadde me vore av og på i seks år, og det var første gongen eg sa nei til han og meinte det. Så då vart eg igjen heime og skreiv musikk i staden.

Det var og til same person ho skreiv si aller første låt, då ho var 16.

Starten kom gjennom eit video-opptak av Blind Melon. Kvar gong ho såg hendene til gitaristen stoppa ho filmen og lærde seg ein akkord. Då ho kunne fem akkordar starta ho låtskrivinga, ifølgje Rolling Stone. (ekstern link)

Vil du oppleva fleire live-konsertar frå studioet til Christine? Trykk her.

Cover-kompis

No er Christina Perri aktuell med ein ny singel, «Human». Den bygger opp til albumet «Head or Heart» som kjem ut i mars i år.

Den nye singelen spelte ho ikkje hos Christine, men til gjengjeld fekk du ein versjon av Ed Sheeran sin «Give Me Love». Ed Sheeran kan du og høyra saman med Christina Perri på det nye albumet.

– Han er faktisk ein god ven av meg, og er med på den nye plata. Det er den eg er mest gira på, det er ei skikkeleg lukkeleg låt. Veldig uvanleg for meg, men det vart skikkeleg fint.

Få med deg Christina Perri si tolking av Ed Sheeran her: