Christine Live: Lissie

Lissie får sin status som norgesven testa og gir deg fantastisk live-musikk frå studioet til Christine.

Folk-rockaren Lissie frå Illinois i USA har for lengst gitt seg sjølv tittelen norgesven, og norske fans har sendt rikeleg med kjærleik rett tilbake.

– I am so into Norway, seier ho sjølv. Difor var det berre rett og rimeleg at ho vart testa litt då ho besøkte Christine på tysdag.

I tillegg til å snakka om den norske kjærleiken, spelar ho si eiga låt «Sleepwalking» og Drake sin «Hold On We’re Going Home» som du kan sjå øvst i saka.

Vil du sjå fleire live-innslag frå Christine-studioet?

Lissieskjema
Her er skjemaet, inspirert av ei skuledagbok, som Lissie fylte ut då ho besøkte Christine.

Full fart

Christine presenterte eit skjema for Lissie, inspirert av skuledagbøkene frå ungdommen. Du hugsar dei sikkert sjølv, sidene der du skulle skriva inn favorittfilmen, favorittmaten, og kven du var hemmeleg forelska i.

På lista sto blant anna beste norske mat, favorittstad i Noreg, og artigaste norske ord.

Det artigaste norske ordet vart «fart» – som for oss er hurtigheit, medan det betyr promp for ho.

– Me var på eit hotell her om dagen, der det var ein plakat det sto «Full Fart» på. Eg var trøytt, og tykte det var kjempemorsomt. Er umoden nok til at eg tok eit bilete og la det ut på Instagram.

– Om eg må velga

På skjemaet, heilt på botnen, står og ei liste over dei tre verste tinga med Noreg, som Lissie måtte fylla ut.

Her var ikkje iveren etter å svara like stor, men etter kvart kom det tre alternativ. Øvst er noko av det nordmenn likar best.

– Dei tvang meg til å smaka på det under eit radiointervju ein gong. Då smilte eg og lata som det var godt, men det var ein veldig rar smak for meg.

Høyr heile sendinga her! Der får du og høyra ein blodfan intervjua Biffy Clyro.

Favoritten til Lissie i det norske kjøkenet er ein anna norsk klassikar. Ho skreiv «Herring», betre kjend som sursild.

– Eg har svenske forfedre, og julemiddagen var difor svensk då eg vaks opp. Då måtte eg eta sursilda, og har lært meg å lika det godt.

Søvngjengar i Noreg

Lissie på Bergenfest 2013, foto: Per Ole Hagen/Nrk.
Lissie på Bergenfest 2013, foto: Per Ole Hagen/Nrk.

Christine mistenkjer med god grunn at Lissie no har blitt så knytt til Noreg at ho finn på unnskyldningar for å komma hit oftare.

Mistanken blir forsterka når dei snakkar om den siste musikkvideoen til Lissie – «Sleepwalking».

– Eg hadde ei veke på meg til å finna ut korleis me skulle laga videoen. Me skulle uansett vera i Europa, så i utgangspunktet hadde eg idéen om å reisa til midnattssola. Men alt gjekk veldig fort, og me fann ein produsent i Oslo som visste om ein fin innsjø i nærleiken. Så fekk eg samla statistar gjennom Twitter og vener.

Musikkvideoen kan du sjå her, og nedst i saka kan du sjå Lissie framføra låta live i studioet til Christine.

Vakenatt

Lissie fortel og om ei oppleving under eit av dei mange Norgesbesøka sine. Då ho besøkte Rognan, fann ho ut at dette måtte vera den flottaste plassen i heile Noreg.

– Eg sat vaken heile natta, åleine, den 20. juli. Sola gjekk ikkje ned, og vatnet eg såg på var heilt roleg. Måten lyset og skyene rørde seg på, var som ein film. Eg ville ikkje legga meg, fordi eg var redd for å gå glipp av det.

Kanskje slike situasjonar er litt av inspirasjonen til Sleepwalking – som du kan sjå live her: